Hopp til innhald

Fagstoff

Potetdyrking i Noreg

Poteta har vore ein sentral del av kosthaldet vårt sidan før 1800. Då den næringsrike poteta kom til landet, bidrog ho til betre helse hos det norske folket, og folketalet steig. Potet er ei av dei få matplantene vi kan dyrke over heile landet, men det er Innlandet som er det store potetfylket vårt.
Historisk svart-kvitt bilete av bilar med påskrifta Norsk potetsalgslag og potetsekkar på lasteplana. Foto.

Potetene kjem til Noreg

Potet som råvare stammar frå Peru i Sør-Amerika. Mykje tyder på at dei første potetene i norsk jord vart dyrka i Solør-området inn mot svenskegrensa rundt 1740. Dit kom svenske handelsmenn med setjepoteter. Det var likevel langs kysten av Sør-og Vestlandet dei var først ute i særleg omfang. Seinare spreidde bruken av potet seg til Austlandet og deretter vidare nordover til Nord-Noreg. På denne tida var befolkningsveksten i Noreg stor, og det kravde auka matproduksjon.

Potetprestane

Det var dei såkalla potetprestane som i ettertid har fått æra av at nordmenn tok i bruk poteter i kosthaldet. På 1700-talet, og spesielt under Napoleonskrigene tidleg på 1800-talet, var det mangel på mat og helsetilstanden hos det norske folket var generelt dårleg. Poteta er næringsrik og kan dyrkast i heile landet, både lenger mot nord og høgare opp i terrenget enn korn. I dårlege kornår blei potetene redninga for mange. Tilgang på poteter betra den norske folkehelsa og er truleg noko av årsaka til at befolkninga dobla seg frå 1822 til 1890.

Vitamin C

Årsaka til at poteta blei så viktig for folkehelsa i Noreg, er nok samansett, men ein viktig grunn er tilgangen på vitamin C. Mangel på dette vitaminet kan føre til sjukdommen skjørbuk som utan behandling er dødeleg. Då poteten kom til Noreg, var mykje av maten basert på korn, og det var vanleg med C-vitaminmangel. I dag får vi vitamin C mellom anna ved å ete frukt, grønsaker og sjølvsagd potet.

Færre potetprodusentar med større areal

Av norske bønder som har potetproduksjon som leveveg eller som del av leveveg, blir det stadig færre. I 1999 var det snautt 10 000 dyrkarar, i 2022 var det berre litt over 1 400 igjen. Det totale arealet med potet går også noko ned i same periode, men ikkje like drastisk som talet på dyrkarar. Det betyr at kvar potetprodusent dyrkar eit større areal. Ein gjennomsnittleg stor potetåker var 15 dekar (omtrent to fotballbanar) i 1999, i 2023 var den 85 dekar (omtrent elleve fotballbanar).

Stolpediagram og graf, der stolpediagrammet viser nedovergåande tendens til talet på potetprodusentar, mens grafen viser aukande tendens på areal per produsent. Illustrasjon.

Mekanisering

Etter andre verdskrigen har potetdyrkinga blitt sterkt mekanisert. Tidlegare var det mykje og tungt arbeid å få sett potetene, gjort arbeidet som krevdes igjennom sesongen, og til slutt få hausta potetavlinga. Potetplukking var ei kjær inntektskjelde for mange ungdommar i potetferien, det som i dag er haustferien. Etter kvart blei setting og hausting "halvmekanisert". Mellom anna fekk vi kastehjulopptakaren som kasta opp potane slik at vi slapp å grave dei opp sjølv.

Skulebarn plukkar poteter på ein bondegard. Svart-kvitt foto.

I dag er potetproduksjon nærast heilmekanisert. Traktor og maskin set og gjødslar fleire rader i slengen, det trengst berre ein sjåfør på traktoren. Til opptaket er det, i tillegg til traktorførar, behov for nokre par ekstra hender for å sortere ut potetris, stein og rotne poteter frå beltet som potetene kjem rullande på.

Potethaustar med arbeidarar og store mengder potetar. Foto.

Kvar i Noreg blir potetene dyrka?

Innlandet er det store potetfylket i Noreg. Særleg langs Glomma sør for Elverum, med kommunane Grue, Åsnes og Våler, finn vi store potetareal, men også på Toten blir det dyrka mykje potet. Som ein av få utandørs planteproduksjonar blir potet dyrka i alle fylke i Noreg.

Potetareal i Noreg fordelt på fylke, 2022

Fylke

Areal, dekar

Innlandet59 958
Vestfold og Telemark15 367
Trøndelag13 487
Oslo og Viken13 157
Rogaland6 454
Agder3 414
Troms og Finnmark2 719
Møre og Romsdal1 784
Nordland1 556
Vestland1 083

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (u.å.)

Vi et mindre potet

Ein aukande del av potetene vi dyrkar, går til potetgull og pommes frites, mens bruket av den tradisjonelle kokte poteta, som var vanleg til middagsmåltidet, har gått kraftig ned.

Bruken av potet i Noreg siste 60 år

1960

1980

2000

2020

Matpoteter (kg per person per år)87623221
Poteter til bearbeiding (kg per person per år)< 5212729

Visste du at ...

  • potet er den matveksten som blir dyrka i flest land i verda?

  • Kina er det landet i verda som dyrkar mest potet?

  • potetchips såg dagens lys på eit eksklusivt hotell i New York i 1853?

  • prosessen frå rå potet til ferdig pose potetgull tek cirka 12 minutt?

  • all norsk akevitt er produsert på poteter?

Kjelder

Fagforum potet. Norsk Landbruksrådgiving. (u.å.). Poteten er en mangfoldig vekst. Henta 9. januar 2024 frå https://potet.no/fakta-om-potet

Helsedirektoratet. (2023, 8. desember). Poteter. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/utviklingen-i-norsk-kosthold-2023/matvareforbruk/poteter

Hoff SA. (u.å.). Historie. Henta 18. januar frå https://www.hoff.no/210/historie

Landbruksdirektoratet. (u.å.-a). Statistikk fra søknader om produksjonstilskudd i jordbruket [Rapport PT-912, 2000–2016]. https://ldir.statistikkdata.no/pt_historikk/prodrapp.htm

Landbruksdirektoratet. (u.å.-b). [Rapport PT-912 Antall dekar og søkere med de ulike vekstgruppene, 2017–2023]. https://ldir.statistikkdata.no/pt-statistikk.html

Mardal, M.A. (2023, 24. januar). Potetprester. I Store norske leksikon. https://snl.no/potetprester

Møllerhagen, P. (2023). Norsk potetproduksjon 2022. NIBIO. https://hdl.handle.net/11250/3061629

Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr [2022, potet, alle fylker]. Henta 9. februar 2024 frå https://www.ssb.no/statbank/table/11506/

Relatert innhald

Vitamin C (askorbinsyre) har ei viktig rolle i oppbygginga og vedlikehaldet av bindevevet i kroppen.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2024

Læringsressursar

Potetdyrking