Opptak og lagring
Når vi skal hauste inn potetene, er det ein del ting vi bør prøve å få til. Det kan vere greitt å følge punkta nedanfor anten du haustar maskinelt på store areal eller om du har ein liten potetåker i hagen.
Tørt og fint vêr
Når vi skal hauste inn potetene, ønsker vi oss fint vêr, og jordtemperaturen bør vere over 8 gradar. Under tørre forhold dreg vi med oss mindre jord inn, og potetene blir lagra betre. I tillegg unngår vi å øydelegge jordstrukturen og pakke jorda så mykje når det er tørt.
Modne poteter
Potetene bør vere modne. Då losnar dei lett frå jordstenglane, noko som lettar opptaket. I tillegg er skalet sterkare på modne poteter, og dei toler meir behandling utan å ta skade.
Skånsam behandling av knollane
Det er noko som heiter at potetene skal behandlast som egg. Så forsiktig er det vanskeleg å vere, men ver så forsiktig du kan, for å unngå støyt og sår på knollane.
Opptørking før dei blir sette på lager
La potetkassane stå ute eit par timar etter opptak viss vêret er fint utan altfor sterk sol. Då tørkar knollane litt meir før dei blir sette på lager.
Når potetene har komme inn på lageret, er det viktig at prosessen med opptørking held fram. Etter opptak held potetene fram å respirere, eller ande, og då gir dei frå seg vatn. Har du vifter, bør desse vere påslåtte. Viss du ikkje har vifter, opnar du dører og portar slik at fukta slepper ut. Respirasjonen i knollane held fram gjennom lagringstida, men han er sterkast i starten. Derfor der det lurt å lufte litt ekstra då.
Sårheiling
Etter opptørkinga startar det vi kallar sårheilingsperioden. Denne perioden er viktig for å hindre at rote set seg i små sår som potetknollane kan ha fått under opptak. Temperaturen bør då vere på 10–12 gradar i 2–3 veker. Pass på at temperaturen i lageret ikkje er høgare enn i knollane, elles får vi kondensering, og fukta legg seg på knollane. Då aukar faren for sjukdomsangrep.
Etter sårheilingsperioden senkar vi temperaturen sakte ned mot den temperaturen vi har utandørs. Beste lagringstemperatur for potet varierer litt mellom sortar, men han er vanlegvis rundt 3–4 gradar.