Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuing til potetopptak

Før du tek opp potetene, bør dei vere modne. Som bonde kan du påverke tidspunktet for modning ved å knuse potetriset. Det vil òg hindre spreiing av sjukdom.
Traktor med risknusar fjernar potetris. Foto.

Er potetene modne?

Potetene bør vere modne når dei blir tekne opp. Den enklaste måten å sjekke om dei er modne på, er å grave opp ei plante. Dersom potetknollane har losna frå planta, er dei modne, dersom dei heng fast, bør dei få stå litt til. Modne poteter forenklar opptaket fordi potetene ikkje sit fast i riset, og fordi knollane har eit sterkare skal som vernar dei mot mekaniske skadar.

Vekstavslutning

Vi kan tvangsmodne potetknollane ved å fjerne riset, då stoppar all vekst opp. Å tvinge fram vekstavslutning er heilt vanleg for dei profesjonelle dyrkarane. Riset kan knusast mekanisk med risknusar som er bygd for formålet, eller med ein beitepussar. Det er òg mogleg å sprøyte ned riset med kjemiske plantevernmiddel. Desse plantevernmidla skadar ikkje potetknollane.

Traktor med potetopptakar og mannskap på eit jorde. Foto.

Eit ledd i kampen mot tørrote

Dersom du har fått tørrote i riset og du har grønt ris når du tek opp potetene, er sjansen stor for at smitten spreier seg til knollane og blir med inn på lageret. Ved å knuse riset eller sprøyte det ned og deretter vente med opptak til bladmassen har tørka heilt inn, blir sjansen redusert for at knollane blir smitta. Samtidig har knollane fått eit sterkare skal som vernar mot tørrotespora.

Når skal du avslutte veksten?

Generelt kan vi seie at du avsluttar veksten når potetene dine er passe store. Helst bør det skje 2–3 veker før opptak. Då rekk potetknollane å sleppe morplanta og å danne eit sterkare skal. Samtidig er det ein stor fordel om vêret er tørt og fint, for då tørkar bladmassen raskare opp og faren for tørrotesmitte frå riset til knollane minkar.

Oppgåve

Kjelder

Bø, O. & Mæhlum, J.E. (2023, 24. august). Potetdyrking. https://www.agropub.no/fagartikler/potetdyrking

Leidal, S. (2023, 4. september). Vekstavslutning i potet. https://potet.no/fagartikler/potet/ostlandet/vekstavslutning-i-potet

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024

Læringsressursar

Opptak og lagring av potet