Hopp til innhald

Fagstoff

Setjepoteter

Dei potetene vi set i jorda på våren, kallar vi setjepoteter. Nokon kallar dei òg for frøpotet eller morsknoll. Setjepotetene må vere fri for sjukdom og smitte, ikkje altfor store og elles i god fysiologisk stand.
Hand set poteter med jamn avstand i jorda. Foto.

Setjepoteter

Skal du dyrke poteter, kan det å bruke friske setjepoteter vere heilt avgjerande for å lykkast, uavhengig av om du skal ha ein pall i hagen eller ein stor potetåker. Bruker du poteter frå fjorårets eiga avling som setjepotet, risikerer du å setje ei potet som allereie er smitta med ein eller fleire sjukdommar. Då kan du ha tapt allereie før sesongen er i gang.

I verste fall kan du øydelegge for potethausten til naboen òg. Den vanlegaste og mest frykta sjukdommen er tørrotesoppen. Soppen, som eigentleg er ein algesopp, spreier seg med sporar som blir frakta med vinden. Har du tørrote på potetene dine, trengst berre ein liten vindtrekk før potetene til naboane òg er smitta.

Det finst spesialiserte setjepotetdyrkarar, det betyr at dei dyrkar setjepoteter til neste års produksjon. Desse dyrkarane må vere svært nøye når det gjeld sjukdommar og smitte i produksjonen, og dei må følge eit strengt regelverk. Det er mellom anna krav til vekstskifte og avstand til andre potetåkrar.

Sertifiserte setjepoteter

Sertifiserte setjepoteter er poteter som er godkjende som setjepoteter, det vil seie at dei

  • er sortsreine, det vil seie at det ikkje er innblanding av andre sortar, berre sorten du har kjøpt

  • er fri for smitte av fleire farlege sjukdommar og skadegjerarar

  • tilfredsstiller Mattilsynets forskrift om krav til innhald av vanlege virus-, sopp- og bakteriesjukdommar

  • er i god fysiologisk kondisjon for rask spiring

Mattilsynet tek kontrollar på setjepotetareala gjennom sesongen, og på laboratoriet blir potetene testa for fleire skadegjerarar. Jorda der det blir dyrka setjepoteter, blir sjekka for potetcystenematodar (PCN) med jamne mellomrom. Potetcystenematodar er ein frykta jordbuande nematode som øydelegg potetknollane.

Storleik på setjepotetene

Det er dei mellomstore knollane vi helst bør bruke som setjepotet, ei knollvekt på 60 til 80 gram er tilrådd. Store setjepoteter gir fleire knollar, men dei blir ofte små. Brukar du små setjepoteter, får du store, men få knollar. På sekken eller eska du kjøper setjepotetene i, skal du finne både vekt og storleik på knollane.

Haug med setjepotetar med korte, grøne groar. Foto.

Kor mykje setjepoteter treng du?

Frå ei setjepotet får du normalt 10–20 nye potetknollar. Skal du setje eit større areal, finst det ein formel for å rekne ut kor mykje setjepoteter du må kjøpe inn.

Kilo setjepotet per dekar = knollvekt i gramradavstand i meter·setjeavstand i meter

Radavstand og setjeavstand varierer ikkje så mykje og har derfor ikkje så mykje å seie for kor mykje setjepoteter du må kjøpe. I døma nedanfor ser du at knollvekt, derimot, har mykje å seie.

Døme 1

Knollvekt 93 gram, radavstand 0,75 m, setjeavstand 0,28 m

930,75·0,28=443 kg setjepotet per dekar

Døme 2

Knollvekt 53 gram, radavstand 0,75 m, setjeavstand 0,28 m.

530,75·0,28=252 kg setjepotet per dekar


Utsnitt av potetåker med avstand mellom rader og setjepoteter. Illustrasjon.

Oppgåver

  1. Du har ein radavstand på 0,70 m og ein setjeavstand på 0,30 m. Knollvekta på setjepotetene dine er 65 gram. Kor mange kilo setjepotet treng du per dekar?

  2. Med same rad- og setjeavstand, treng du meir eller mindre setjepotet om knollvekta aukar til 75 gram?

Løysingsforslag til oppgåvene

  1. Vi bruker formelen for å rekne ut talet på kilo setjepotet per dekar:knollvekt i gramradavstand i meter·setjeavstand i meter=650,70·0,30=309,5310 kg/daa

  2. I to situasjonar med same rad- og setjeavstand vil du trenge likt tal på setjepoteter i begge situasjonane. Viss du bruker knollar som veg meir, vil du trenge meir setjepotet, i kilo.

Kjelder

Moen, A. (2020, 17. november). Sertifiserte settepoteter. http://settepotet.no/ContentForm2.aspx?cid=36

Mattilsynet. (2023, 14. november). Sertifisert produksjon av settepoteter. https://www.mattilsynet.no/planter-og-dyrking/produksjon-og-omsetning/produksjon-og-omsetning-av-settepoteter#kap-1-sertifisert-produksjon-av-settepoteter

Møllerhagen, P. J. (2011). Dyrkingsveiledning for økologisk potetdyrking. Bioforsk Fagbok. http://hdl.handle.net/11250/2445541

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2024

Læringsressursar

Før sesongen