Hopp til innhald

Fagstoff

Lysgroing av poteter

Lysgroing er å gi setjepotetene lys ein periode før vi set dei ut i åkeren. Vi let rett og slett potetene få tjuvstarte litt på sesongen. Denne vesle tjuvstarten gir fleire fordelar for potetdyrkaren.
Haug med setjepoteter med korte groar. Foto.

Kva er lysgroing?

Groane er anlegg for nye blad, stenglar og blomstrar på potetplanta. Med lysgroing let vi potetene tjuvstarte sesongen. Vi gir potetene lys og rett temperatur slik at groane begynner å vekse før vekstsesongen startar utandørs. Når groane har vakse til 0,5–1,0 cm og temperaturen i jorda er godt på plussida, set vi potetene i jorda.

Alle poteter har anlegg for groar frå det vi kallar auge på poteta. Desse er godt synleg på dei fleste sortane.

Tre lyse poteter med små små søkk i overflata. Foto.

Korleis lysgror vi potetene?

Generelt kan vi seie at potetene bør lysgroast i rundt to månader ved 8 gradar. Aukar vi temperaturen til 12 gradar, held det med éin månad. Men dette varierer etter kva sort du skal lysgro. Potetene må få lys i 10–12 timar i døgnet. Utan lys blir groane lange, spinkle og lyse i fargen. Slike groar fell lett av under setting. Dersom det er mogleg, er det smart å ha vatn på golvet der potetene står under lysgroinga. Dette aukar luftfukta, noko som gir betre forhold for groane.

Spirande poteter med lange, tynne groar. Foto.

Døgngradar

Vi bruker talet på døgngradar (dg) for å beskrive kor lenge vi skal lysgro ein sort. Døgngradane i eit døgn er gjennomsnitt av temperaturen i dette døgnet. Så kan vi summere døgngradane for kvart døgn i ein periode, då får vi talet på døgngradar for denne perioden. Dei fleste sortane treng mellom 200 og 300 døgngradar.

Berekning av talet på døgngrader

Dersom ein sort treng 300 døgngradar og vi har 12 gradar i rommet der vi lysgror, reknar vi ut talet på døgn denne sorten treng, slik:

Tal  døgngradar=300 12-4=3008=37,538 døgn

Denne sorten treng altså 38 døgn med ein temperatur på 12 gradar. Vi trekker frå 4 gradar fordi poteta ligg i dvale når temperaturen er lågare, dette kallar vi basistemperatur. Kor mange døgngradar sorten din treng, finn du i dyrkingsrettleiinga for sorten.

Store sekkar av netting, fulle av poteter. Foto.

Kvifor lysgror vi potetene?

Potetene bør vere modne ved opptak. Modne poteter har sterkare skal og toler meir handtering utan at dei får sår og skadar. Dette gir større seljeleg avling og betre føresetnader for god lagring. Med lysgroing vil potetene modne tidlegare enn utan lysgroing.

Potetene er modne når dei losnar frå den underjordiske stengelen. Du må altså grave opp ei plante å sjekke dette. Heng dei framleis fast, bør dei få stå litt lenger, men har dei losna, kan du ta dei opp.

Fordelane med lysgroing er fleire, og dei fleste heng altså saman med at vi tjuvstartar sesongen.

Rask vekststart for tidlege sortar

Dette gir tidlegare hausting, og du oppnår ein god pris på tidlegpotetene.

Tidlegare hausting for seine sortar

Vi kan få 1–2 veker tidlegare modning og dermed eit tidlegare opptak. Dette kan vere ein fordel fordi hausteforholda ofte blir dårlegare lenger ut på hausten, med mykje nedbør. Eit par veker tidlegare opptak betyr mykje om du har store areal med potet.

Unngå tørrote

Fordi vi kan hauste tidlegare, kan vi få hausta potetene før eit eventuelt angrep av tørrote øydelegg avlinga.

Høgare avling

Ein reknar med at avlinga aukar med rundt ti prosent med lysgroing samanlikna med utan lysgroing. Men dette er berre viss veksttida avgrensar modninga. Ugrodde poteter gir høgast avling viss dei får stå heilt til dei er modne, men her hos oss er vanlegvis sesongen for kort til dette. Derfor seier vi at lysgroing gir auka avling.

Auka tørrstoffinnhald

Ein reknar med at lysgroing kan auke tørrstoffinnhaldet med cirka ein prosent samanlikna med utan lysgroing. Dette heng saman med at potetene er meir modne når dei blir tekne opp, og modne poteter har meir tørrstoff enn umodne. Poteter med mykje tørrstoff har meir smak enn poteter med lite tørrstoff.

Oppgåve

Kjelde

Sørensen, K. (2023, 14. juni). Få et forsprang med lysgroing. https://potet.no/fagartikler/okologisk/potet/nord/fa-et-forsprang-med-lysgroing

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2024

Læringsressursar

Før sesongen