Hopp til innhald

Fagstoff

Filmsamling: Jord

Her finn du ei samling av filmar som tek for seg ulike sider ved jorda vi dyrkar i. Det handlar mellom anna om livet i jorda, pakking, lagleg jord, infiltrasjon og struktur.
Harva åker med berre jord og mold utan plantevekst. Foto.

Filmar om jord

Desse filmane tek for seg ulike sider ved jord:

  • jord (livet i jorda, jordpakking, jordtypar)

  • lagleg jord

  • infiltrasjon og struktur

  • spadediagnose

  • dyrkingsmedium

Undervegs i filmane får du spørsmål til det du har sett og høyrt.

Jord

Film om jord (7:59)

Denne filmen handlar om kva jord er, kva organismar som lever i jorda, og korleis måten vi bruker jorda på, påverkar strukturen i ho.

Oppgåver

  1. Forklar korleis du kan sjekke jordstruktur ved hjelp av ein spade.

  2. Kva meiner vi med at jorda er lagleg?

  3. Forklar korleis du kan finne ut kor pakka jorda er ved å bruke eit penetrometer. Korleis kan du finne ut korleis tilstanden er i jord som ikkje er dyrka?

  4. Kvifor er det uheldig for plantevekst at jord er pakka?

Lagleg jord

Film om lagleg jord (7:04)

Denne filmen handlar om kva som vi meiner med lagleg jord og feltkapasitet, kva for nokre ulike jordartar vi har, og korleis vi kan omarbeide jorda for å få den strukturen vi ønsker.

Oppgåver

  1. Korleis sjekkar vi laglegheita til jorda?

  2. Kva meiner vi med "jordas feltkapasitet"?

  3. Forklar korleis bruk av ulike reiskapar påverkar strukturen i jorda.

Infiltrasjon og struktur

Film om infiltrasjon og struktur (2:05)

Filmen handlar jordas infiltrasjonsevne, korleis vi kan måle denne, og korleis ho blir påverka av strukturen i jorda.

Oppgåver

  1. Kva meiner vi med jordas infiltrasjonsevne?

  2. Forklar korleis du kan gå fram for å måle jordas infiltrasjonsevne.

Spadediagnose

Film om spadediagnose (1:19)

Oppgåve

  1. Kva er formålet med ein spadediagnose?

  2. Korleis kan du gjennomføre ein spadediagnose?

Dyrkingsmedium

Film dyrkingsmedium (1:07)

Oppgåve

Samanlikn ulike dyrkingsmedium, og diskuter fordelar og ulemper ved dei ulike typane.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2024

Læringsressursar

Filmsamlingar