Hopp til innhald

Fagstoff

Filmsamling: Dyrking av kålrot

Her finn du ei samling av filmar som viser korleis du kan dyrke kålrot, frå såing, opal og utplanting til innhausting og lagring.

Filmar om dyrking av kålrot

Desse filmane viser korleis du kan gå fram når du skal dyrke kålrot. Filmane handlar om

  • såing og oppal

  • utplanting og direktesåing

  • hausting og lagring

  • vekstsesongen

Undervegs i filmane får du spørsmål til det du har sett og høyrt. Til slutt får du ei oppsummeringsoppgåve frå heile filmen.

Såing og oppal

Film om såing og oppal (6:28)

I denne filmen lærer du korleis du kan produsere kålrot under oppal eller fôrkultivering. Du lærer om kva slags jord du bør bruke, ulike typar frø og metodar for å så frøa i jorda.

Refleksjonsoppgåver

  1. Kva fordelar og ulemper har dei ulike typane jord vi bruker?

  2. Kvifor er det viktig merke frøa med sort og dato?

Utplanting og direktesåing

Film om utplanting og direktesåing (3:04)

Etter fire veker med fôrkultivering er det på tide å plante. Viss vekstsesongen er lang og ein driv i stor skala, kan det òg vere eit alternativ å så direkte.

Refleksjonsoppgåve

Samanlikn det å forkultivere planter med direktesåing. Kva fordelar og ulemper er det ved kvar av metodane?

Hausting og lagring

Kålrot blir vanlegvis hausta maskinelt, men i mindre skala kan manuell plukkhausting vere aktuelt.

Film om hausting og lagring (3:46)

Refleksjonsoppgåver

  1. Samanlikn manuell og maskinell innhausting av kålrot. Kva fordelar og ulemper er det ved kvar av desse metodane?

  2. Finn ut kvar i Noreg det blir dyrka kålrot. Kva faktorar set avgrensing for kvar det blir dyrka?

Vekstsesongen

Gjennom vekstsesongen må vi gjennomføre ei rekke tiltak i kålrotåkeren. Vi må verne plantene mot skadedyr, vi må luke vekk ugras, gjødsle og sprøyte mot sopp.

Film om vekstsesongen (4:58)

Refleksjonsoppgåver

  1. Gi døme på at kålrotproduksjon er ein arbeidskrevjande produksjon.

  2. Kvifor får vi fleire bladfeste viss kålrotfluga et vekstpunktet på kålrota?

  3. Finn korleis mineralet bor blir teke opp i kålrotplanta. Kva bruker planta bor til?

  4. Gå på nettsida Varsling innen Planteskadegjørere, og undersøk om det er gjort nokre observasjonar av skadedyr på kålrot i det siste (eller lenger tilbake i tid). Kva skadedyr fann du? Kva skade kan desse gjere på kålrotplanter?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2023

Læringsressursar

Filmsamlingar