Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon gassbrennar

Før du får lov til å jobbe med ein gassbrennar, må du gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring. Opplæringa har ein teoretisk og ein praktisk del. Her kan du skaffe deg kunnskapen du treng for å bruke gassbrennaren på ein sikker måte.

Kvifor treng du sikkerheitsopplæring?

Gassbrennaren blandar brennbar gass () med , som saman utgjer ei svært brennbar gassblanding. Når denne blandinga brenn, gir ho ein ekstremt varm flamme som blir brukt til oppvarming av metall, sveising, lodding og skjering.

Gassanlegget består av gassflasker, slangar og røyr, ventilar og sjølve gassbrennaren. Det er viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta for anlegget og rutinane for handtering av brennbare gassar og open eld, og at du veit kva du skal gjere viss det oppstår ein brann. Du må også kjenne til kva verneutstyr som er påkravd når du bruker ein gassbrennar.

Gjennomføring

For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre ei teoretisk og ei praktisk opplæring. Du må bevise for læraren at du kjenner til risikomomenta og nødvendig verneutstyr, og at du veit korleis verneinnretningane på anlegget fungerer.

Når du har sett deg inn i den teoretiske delen, tek du kontakt med læraren din for ein praktisk demonstrasjon. Læraren avgjer så om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene anlegget.

Framgangsmåte

  1. Gjennomfør den teoretiske opplæringa.

  2. Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.

  3. Gjer deg kjend med gassbrennaren de har på verkstaden.

  4. Skriv ut, fyll inn og signer eigenerklæringsskjemaet som ligg på denne sida.

  5. Ta kontakt med læraren og lever skjemaet.

  6. Demonstrer for læraren at du også i praksis har kunnskapen og ferdigheitene som trengst for å betene gassbrennaren på ein sikker måte.

  7. Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar