Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment

Når du bruker ein gassbrennar, jobbar du både med gass og open flamme. Dette inneber stor risiko for deg og omgivnadene dine. Derfor er det viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta.

Termiske risikomoment

Gassbrennaren blandar brennbar gass (acetylen) med oksygen, og saman utgjer desse gassane ei svært brennbar gassblanding. Flammen som denne gassen gir, kan ha ein temperatur på over 3 000 gradar celsius. Både gassen og flammen inneber derfor stor risiko.

Open flamme

Når du bruker ein gassbrennar, jobbar du med open flamme. Du må derfor bruke arbeidstøy og personleg verneutstyr som er brannsikkert og toler høge temperaturar.

Området du jobbar i, må også vere rydda for brennbart materiale. Viss du bruker open flamme utanfor godkjend verkstad, er det dessutan viktig at du bruker ei brannvakt som kan overvake om noko tek fyr eller blir for varmt.

Du må vite kor det næraste brannsløkkingsutstyret er. Ved brann er det også viktig at du prøver å lukke ventilen på gassflaska. Viss brannvesenet må tilkallast, må du fortelje brannmannskapet kor gassflaskene blir lagra, sidan desse utgjer ein eksplosjonsfare.

Ukontrollerte forbrenningar

Gassen blir ført fram til gassbrennaren gjennom røyr og slangar, og lekkasjar på desse kan føre til ukontrollerte forbrenningar. Det same gjeld viss det oppstår ein lekkasje fordi du ikkje har montert utstyret riktig.

Det er viktig at du sløkker gassbrennaren på rett måte, elles kan det oppstå eit såkalla tilbakeslag, altså at gassen begynner å brenne inne i slangane og røyra i gassanlegget. Alle gassanlegg skal ha ein tilbakeslagsventil som skal stoppe eit slikt tilbakeslag før det når heilt tilbake til gassflaska eller gasstanken.

Når du opnar ventilane på gassbrennaren, vil gass strøyme ut i lokalet. Denne gassen kan ta fyr når du prøver å tenne gassbrennaren, og føre til ei ukontrollert forbrenning.

Eksplosjonsfare

Gassflasker må ikkje utsetjast for høg temperatur og bør heller ikkje stå i direkte sollys. Viss gassflaskene blir for varme, dannar det seg eit høgt trykk inne i flaskene som kan føre til at dei eksploderer.

Det svakaste punktet på gassflaskene er tilkoplinga på toppen av flaska, og ved ein eksplosjon vil tilkoplinga bli skoten ut av flaska. Då er det viktig at flaska blir lagra ståande, slik at koplinga går rett opp i vêret.

Varme overflater

Når du bruker gassbrennaren, vil overflatene du jobbar på, bli ekstremt varme. Derfor er det viktig at du bruker hanskar som er berekna på varme overflater.

Gneistesprut

Når arbeidsemnet blir varma opp, kan det oppstå gneistesprut viss det er ureiningar på arbeidsemnet eller feil på innstillinga av gassbrennaren. Gneistesprut kan også oppstå viss det blir for liten avstand mellom munnstykket og arbeidsemnet.

Pass særleg på at det ikkje er brennbart materiale i området der du jobbar. Viss det finst brennbare materiale i nærleiken som ikkje kan fjernast, må du dekke desse til med eit sveiseteppe eller liknande.

Kjemiske risikomoment

Røykgassar

Under oppvarming av arbeidsstykket kan det oppstå røykgassar som kan vere helseskadelege å puste inn. Dette gjeld særleg viss du jobbar med arbeidsemne som er overflatebehandla. Derfor er det viktig at området du jobbar i, er stort og opent eller har god ventilasjon.

Strålefare

Gassbrennaren produserer ein flamme med ein temperatur på rundt 3 000 gradar celsius. Denne flammen gir frå seg eit sterkt og intenst lys. Du må derfor bruke vernebriller med godkjent glas som dempar denne strålinga, slik at du ikkje skadar auga dine.

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar