Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment

Dreiebenken er ei stor og kraftig maskin, og når du jobbar på han, kan du utsetjast for fare. Det er viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta slik at du kan verne deg mot skade.

Mekaniske risikomoment

Når du dreier metall, får du avsponing. Spon kan ha høg temperatur på grunn av friksjon, og dei kan vere veldig skarpe.

Du jobbar også med roterande maskindelar og arbeidsstykke. Slike delar kan losne. I tillegg kan hår eller arbeidstøy setje seg fast i dei roterande delane. 

Kjemiske risikomoment

I enkelte dreiebenker eller ved spesielle arbeidsoperasjonar må du bruke ei kjølevæske som blir sprøyta på arbeidsstykket for å halde temperaturen nede.

Kjølevæska er ei blanding av kjemikal. Derfor er det viktig at du veit kva eigenskapar kjølevæska har, og kva du skal gjere viss du får kjølevæske på hendene, i auga eller i munnen.

Termiske risikomoment

Når du skjer i metall, oppstår det friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, skjereverktøy og spon kan komme opp i svært høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje rører desse før du er sikker på at dei er kalde nok.

Du skal ikkje bruke hanskar når du jobbar med dreiing. Berre når nødstoppbrytaren på maskina er aktivert, kan du i enkelte tilfelle bruke hanskar likevel. 

Andre risikomoment

Golvet og arbeidsområdet rundt dreiebenken må vere reint og ryddig slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Det er også viktig at det ikkje er noko brennbart materiale i området, då det kan ta fyr viss det blir treft av varme spon.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for dreiebenk