Hopp til innhald

Fagstoff

Stille inn, starte og stoppe maskina

Før du tek i bruk dreiebenken, er det viktig at du set deg inn i kva turtal du skal bruke, og korleis du stiller det inn.

Val av turtal

Når du vel turtal, må du ta omsyn til

  • materialet du skal dreie i

  • diameteren på arbeidsemnet

  • materialet i dreiestålet eller verktøyet du skal bruke

  • typen arbeid du skal gjennomføre

  • om du skal dreie tørt eller bruke kjølevæske

  • dreiebenken du bruker

Bruk tabellar eller nomogram for å velje rett turtal. Tabellane finn du i verkstadhandboka. Du vel turtal ut frå den anbefalte skjerehastigheita for materialet og verktøyet.

Stille inn turtalet

Dreiebenker har ulike løysingar for turtalsregulering. Derfor må du lese i instruksjonsmanualen for dreiebenken du skal jobbe på, for å setje deg inn i korleis du stiller inn turtalet.

Manuell justering

Dersom dreiebenken har ein manuell girboks med spakar, må du stille inn turtalet før oppstart.

  • Bruk spakane til å stille inn turtalet.

  • Viss spakane er vanskelege å flytte på, kan du prøve å dreie lett på kjoksen med handa ved justering.

  • Juster aldri turtal medan kjoksen roterer.

Elektronisk justering

Ved elektronisk justering kan turtalet justerast medan kjoksen roterer.

  • Juster turtalet så lågt som mogleg før oppstart.

  • Juster til rett turtal etter at du har starta dreiebenken.

Starte og stoppe maskina

Slik startar og stoppar du dei fleste dreiebenker:

  • Aktiver dreiebenken ved å trykke på startknappen. Startknappen koplar inn motoren. 

  • Bruk startspaken på hovudsleiden for å få kjoksen til å rotere. Pass på å velje rett rotasjonsretning.

  • Stopp dreiebenken ved å setje startspaken tilbake i midtstilling (nøytral posisjon).

Hovudkomponentar

Klikk på symbola i biletet for å lese meir om dei ulike komponentane og kva funksjon dei har – eller les fagteksten nedanfor.

Elektronisk justering

Dreiebenker med elektronisk eller digital justering har vanlegvis ein liten skruknapp saman med eit display.

Ved å dreie på skruknappen aukar du farten på kjoksen, på same måte som du justerer volumet på ein forsterkar. Det er viktig å skru denne knappen ned mot 0 før oppstart av benken.

Displayet viser kva turtal kjoksen roterer med til kvar tid.

Girboks for manuell justering

Når girboksen på dreiebenken er mekanisk, må du setje spakane i rett posisjon for å stille inn turtalet på dreiebenken.

Turtalet finn du ved å bruke tabellar og formlar i verkstadhandboka.

Startknapp

Dei fleste dreiebenker må du aktivere ved å trykke på ein startknapp som koplar inn motoren. Startknappen står som oftast saman med nødstoppbrytaren på beteningspanelet.

Startspake

Med startspaken koplar du til kløtsjen på dreiebenken, slik at kjoksen begynner å rotere.

På dei fleste dreiebenker vel du også rotasjonsretning ved å skyve spaken (hendelen) opp eller ned. Rotasjonsretninga vil avhenge av korleis verktøyet er spent opp på maskina. Du må derfor først sjekke verktøyet, deretter slår du opp i instruksjonsmanualen for å finne rett rotasjonsretning.

Rotering med klokka kallar vi medurs rotering (ur i tydinga klokke). Rotering mot klokka kallar vi moturs rotering.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for dreiebenk