Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ei søyleboremaskin er utstyrt med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.

Nødstopp og verneinnretningar

Ei søyleboremaskin har fleire ulike verneinnretningar du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tek i bruk søyleboremaskina.

Klikk på symbola i biletet for å lese om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Nødstopp

Søyleboremaskina skal ha minimum éin nødstoppbrytar, som er raud med gul bakgrunn. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene viss det oppstår ein nødssituasjon.

Når nødstoppbrytaren blir trykt inn, bryt han straumen til motoren på søyleboremaskina slik at motoren stoppar.

Før du tek i bruk søyleboremaskina, må du alltid sjekke at nødstoppbrytaren fungerer, ved å starte maskina og trykke inn nødstoppbrytaren. Søyleboremaskina skal då stoppe.

Du opnar nødstoppbrytaren igjen ved å vri brytaren lett til høgre, slik at han sprett ut.

Straumbrytar

Ei søyleboremaskin har vanlegvis ikkje ein tradisjonell hovudstraumbrytar, men ein på-brytar som er plassert saman med nødstoppbrytaren. Denne knappen slår på straumen til søyleboremaskina.

For å slå av straumen bruker du nødstoppbrytaren.

Brytar for rotasjonsretning

Du vel kva veg spindelen skal rotere, ved å bruke brytaren for rotasjonsretning. Du kan også velje to ulike hastigheiter i kvar retning ved å vri brytaren til trinn 1 eller 2.

Verneskjerm

Verneskjermen har to funksjonar.

Skjermen vernar deg mot spon og andre delar som kan losne under boring.

Verneskjermen har også ein sikkerheitsfunksjon. Han er nemleg kopla til ein brytar som bryt straumen til motoren viss skjermen ikkje er i rett posisjon eller blir opna under boring. Skjermen fungerer då på same måte som ein nødstoppbrytar.

Arbeidsbord

På arbeidsbordet spenner du fast arbeidsemnet. Du kan feste arbeidsemnet på fleire måtar, men det mest vanlege er å skru fast ei maskinstikke som du bruker til å spenne fast arbeidsemnet.

Arbeidsbordet kan justerast både i høgda og sidevegs. Nokre arbeidsbord kan også ha sleidar til å justere posisjonen til arbeidsbordet.

Matespak

Du flyttar boret manuelt opp og ned i Z-aksen ved å rotere matespaken. Dette kallar vi matinga av boret.

Det er viktig at du ikkje bruker meir kraft ved boring enn kva boret, arbeidsemnet og maskina sitt turtal tillèt. Bruk verkstadhandboka for å finne rett matehastigheit.

Spak for høgdejustering

Du kan justere høgda på girbokshuset på søyleboremaskina ved å bruke spaken for høgdejustering.

Dette kan vere nødvendig i tilfelle der det ikkje er nok å berre justere arbeidsbordet, t.d. viss du skal bore i spesielle gjenstandar eller store maskindelar som ikkje får plass på arbeidsbordet.

Denne spaken er kopla saman med ein låsespak som du må losne før justering og feste igjen etterpå for å sikre stabiliteten.

Girveljar

Ved hjelp av girveljarane justerer du turtalet til spindelen. Turtalet du skal bruke, er avhengig av kva materiale du skal bore i, dimensjonen på boret og materialtypen til boret.

Rett turtal finn du ved å sjå i verkstadhandboka. Deretter stiller du inn girveljarane ut frå tabellen på søyleboremaskina, som viser deg kva turtal du får ved dei ulike posisjonane for girveljarane.

Viss du ikkje klarer å stille inn det nøyaktige turtalet som står i verkstadhandboka, vel du det turtalet som er nærast, men lågare. Du må ikkje velje eit turtal som er høgare enn det du kjem fram til ut frå verkstadhandboka.

Endestopp

Søyleboremaskina kan vere utstyrt med ei endestoppregulering, der du ser kor langt du flyttar på boret i Z-aksen.

Du kan som oftast også stille inn kor lang rørsle du tillèt i Z-retninga. Dette kan vere nyttig viss du skal bore mange hol som skal ha same djupne.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk søyleboremaskina, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke søyleboremaskina. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at utstyret blir reparert.

  • Så lenge søyleboremaskina er i ustand, må ho vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

Relatert innhald

Få ei oversikt over dei viktigaste risikomomenta ved bruk av ei søyleboremaskin.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for søyleboremaskin