Introduksjon søyleboremaskin
Søyleboremaskina er ei stor maskin som kan vere farleg. Det er derfor viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta, verneinnretningane og HMS-krava for maskina.
For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre ei teoretisk og ei praktisk opplæring. Du må bevise for læraren at du kjenner til risikomomenta og nødvendig verneutstyr, og at du veit korleis verneinnretningane på maskina fungerer.
Når du har sett deg inn i den teoretiske delen, tek du kontakt med læraren din for ein praktisk demonstrasjon. Læraren avgjer så om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.
Framgangsmåte
Gjennomfør den teoretiske opplæringa.
Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.
Gjer deg kjend med søyleboremaskina de har på verkstaden.
Skriv ut, fyll inn og signer eigenerklæringsskjemaet som ligg på denne sida.
Ta kontakt med læraren og lever skjemaet.
Demonstrer for læraren at du også i praksis har kunnskapen og ferdigheitene som trengst for å betene maskina på ein sikker måte.
Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.
Filer
Relatert innhald
Få ei oversikt over dei viktigaste risikomomenta ved bruk av ei søyleboremaskin.
Når du bruker ei søyleboremaskin, må du bruke personleg verneutstyr. Her får du ei oversikt over påkravd verneutstyr.