Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker handtering av store plater

Metallplatene du skal kappe, er ofte store, tunge og uhandterlege. Platene har også skarpe kantar som kan gi kutt og kuttskadar. Derfor er det viktig å bruke eigna løfteutstyr, kanskje også få hjelp av ein medelev eller lærar.
Magnetløft av stålplate. Ei stor, avlang stålplate ligg på ein benk. Magneten er plassert oppå metallplata. Han er ein stor, firkanta metallkloss som er hekta fast på ein vaier med ein metallkrok.

Løfteutstyr

Det finst fleire verktøy som hjelper deg å handtere store og tunge metallplater på ein trygg måte.

Viktig å vite

Bruk av løftereiskap kan krevje særskild godkjenning og sertifisering. Sjekk med læraren din kva krav som gjeld for løfteutstyret de har på skulen.

Løfteutstyr kan også vere sertifiseringspliktig. Det betyr at fagpersonar skal kontrollere at løfteutstyr, kjettingar og løftestroppar er i godkjend stand og trygge å bruke.

Plateklype

Ei stor blå og gul plateklype som klemmer på fire metallplater som ligg oppå kvarandre. Foto.

Du kan bruke plateklyper saman med løfteutstyr. Dess tyngre plata er, dess kraftigare klemmer kjeftane på ho.

Det er friksjonen mellom kjeftane og plata som skaper løftekrafta. Ver derfor merksam på at løftekrafta blir redusert dersom kjeftane eller platene er svært glatte eller har olje eller smørjemiddel på seg. Kjeftar som er for grove, kan også sette merke i plata.

Magnetløftar

Magnetisk metall kan du løfte med ein magnet. Slike magnetar kjem i mange ulike variantar, frå enkle magnetar som du aktiverer med ein hendel, til store elektromagnetar der du kan justere den magnetiske krafta elektronisk.

Det er viktig å hugse på at magnetløftarar ikkje fungerer på metall som aluminium og rustfritt stål fordi desse materiala ikkje er magnetiske.

Fire store, firkanta elektromagnetar som er festa parvis og som heng i ei kran. Magnetane løftar ein bunt med fleire store metallrøyr. Foto.

Vakuumløftar

Person i blåe arbeidsklede står føre ein arbeidsbenk og betener ei vakuumpumpe. Han held eit beteningspanel i høgrehanda. Med venstrehanda held han i handtaket som gjer det mogleg å flytte på pumpe og sugekoppar. Foto.

Plater med glatt overflate kan løftast ved hjelp av ei vakuumpumpe som er kopla mot ein eller fleire sugekoppar. Når du legg sugekoppane mot metallplata og aktiverer pumpa, blir det skapt eit vakuum mellom sugekoppane og plata som gjer at plata kan løftast.

Ver klar klar over at skadar på plata eller sugekoppane kan gi luftlekkasje, noko som reduserer løftekrafta for denne typen løftereiskap.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for platesaks