Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment

Platesaksa er ei stor og kraftig maskin, og når du bruker ho, kan du utsetjast for fare. Derfor er det viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta.

Mekaniske risikomoment

Platesaksa blir brukt til å kappe metallplater og har derfor stor klem- og kuttekraft. Platene er ofte også store og tunge. Begge delar medfører risiko for skade.

Klemfare

Platesaksa held fast plata ved å klemme ho fast før kniven kappar plata. Det er derfor viktig at du plasserer plata riktig før kapping, elles er det fare for at du kan klemme deg viss du har hendene mellom plata og underlaget.

Kuttfare

Metallplater har skarpe kantar og hjørne. Når du handterer slike plater, kan det vere stor fare for at du kuttar deg. Du må derfor vere forsiktig og bruke hanskar.

Slag og vibrasjonar

Ved kapping kan plata få slag og vibrasjonar, som igjen kan overførast til hendene dine. Når du skal kappe, er det derfor viktig at plata har eit godt anlegg mot underlaget. Du må også halde fast eventuelle delar av plata som er utanfor anlegget, slik at dei er stabile.

Støy

Enkelte maskiner eller materiale kan gi frå seg høge og skadelege lydar ved kapping og når avkapp fell ned bak maskina. Viss du bruker ein slik type maskin, må du bruke høyrselsvern.

Andre risikomoment

Golvet og arbeidsområdet rundt platesaksa må vere reint og ryddig, slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for platesaks