Test av styrken på prøvestavar
Teikn éin eller fleire delar med nøkkelvidde som passar til ein fastnøkkel eller ein momentnøkkel.
3D-skriv delen med ulike innstillingar, t.d. ulik laghøgde og/eller ulik fyllingsgrad.
Test styrken på delane systematisk og dokumenter resultata. Du kan til dømes bruke ein momentnøkkel: Still inn momentnøkkelen på eit lågt moment og test delane. Auk momentet gradvis til stavane knekk eller vrir seg.
Teikn og 3D-skriv nye delar i andre storleikar og/eller med andre former, og sjå kor sterke stavar du kan lage.
Tips til vidare utprøving
Lag ulike tverrsnitt og former på delane.
Bruk ulike lengder på delar med elles like innstillingar for
3-D-skriving.Lag opningar i delane for å sette inn forsterkningar av metall, og sjå korleis dette påverkar styrken. Du kan til dømes sette inn sveisetrådar frå TIG eller MIG/MAG.
Refleksjon
Ser du nokre mønster i korleis styrken endrar seg? Er til dømes lengda på stavane viktigare enn breidda?
Er det stor styrkeforskjell om delane har 100 % fyllingsgrad eller berre 50 %?
Betyr det noko om holet er aksielt eller radielt?
Har det noko å seie for resultatet om delen er laga for å passe direkte på ein momentnøkkel, eller for å passe til ei pipe på momentnøkkelen?
Lykke til!