Arbeidsoppdrag
Venger til mutter
I denne oppgåva skal du lage venger til ein vanleg mutter. Vengemutrar er mutrar som blir trekte til for hand. Du må lage ein del som mutteren skal leggast i og skruast til med. 3D-delen kan bli ståande fast på mutteren.
Bruk mål på ein mutter du har tilgjengeleg, eller finn detaljar i verkstadshandboka. Ver merksam på at delen må tole tiltrekking av mutteren.
Lag ei skisse med mål på mutter og form på del.
Teikn delen i eit CAD-program, og eksporter til STL-format.
Klargjer printejobben i maskina (ev. Cura eller maskina til skulen).
3D-print delen.
Blei delen sterk nok? Kva for detaljar gjorde delen svak eller sterk?
Måtte du gjere tilpassingar av delen for å kunne 3D-printe han?
Er bruk av vengemutrar ein fornuftig måte å forenkle montering av mutrar på? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Fagstoff
Eksperimentering i designIndustridesignaren Bård Eker forklarer kvifor eksperimentering er ein viktig del av designprosessen.