Hopp til innhald
Fagartikkel

Programvare for Arduino

For å programmere ein mikrokontroller treng du ulike programmeringsverktøy. Her får du ei kort oversikt.

Utviklarmiljø

Programmeringsverktøyet vi bruker til utvikling og programmering av mikrokontrollerar, kallar vi på fagspråket for eit utviklarmiljø.

Utviklarmiljøet består av ein teksteditor for å skrive kode, eit for meldingar og ein konsoll (seriell monitor) til å lese verdiar og variablar og ta imot input frå brukar. Utover dette kan eit utviklarmiljø vere utstyrt med ulike tilleggsverktøy.

Nokre vanlege utviklarmiljø er til dømes

Val av kort og kommunikasjonsport

For at det skal fungere å laste opp kode på kortet, må du velje rett type kort. I tillegg må kommunikasjonsporten samstemme med inngangen på pc-en du har kopla USB-kabelen til.

Du vel kort ved å trykke "Tools" i toppmenyen. Då får du opp ein nedtrekksmeny. Frå denne lista vel du menypunktet "Board: Arduino Uno". Dette er kortet vi bruker i prosjekta og oppgåvene våre.

I nedtrekksmenyen for "Tools" ligg òg menypunktet "Port". Her oppgir du kva kommunikasjonsport Arduinoen er kopla til. Denne informasjonen kjem vanlegvis opp automatisk, men det kan òg hende at du sjølv må oppgi kommunikasjonsport.

Seriell monitor

Seriell monitor viser dataa som blir sende frå Arduinoen over USB-kabelen. I monitoren kan du òg skrive data til Arduinoen.

For å oppgi kor raskt kommunikasjonen med Arduinoen skjer, bruker vi måleininga baud. 1 baud svarer til eitt symbol (éin bit) per sekund. Til vanleg bruker vi ei overføringshastigheit (ein baudrate) på 9600 bps.

Bibliotek

Bibliotek er samlingar av ferdigskriven kode som gir programmet ditt ekstra funksjonalitet. Her kan du til dømes finne drivarar for maskinvare, ulike typar display eller ulik funksjonalitet for å behandle data.

Arduino IDE har ein funksjon som gjer det enkelt å søke opp bibliotek og legge dei til i eige program. Funksjonen finn du i nedtrekksmenyen for "Tools". Vel "Manage Libraries", så får du ei oversikt over dei biblioteka som er tilgjengelege.

Når du har funne rett bibliotek, er det berre å installere det slik at det legg seg i programvara. Det gjer du ved å skrive programlinja

  • #include <biblioteknamn>

Du kan inkludere fleire ulike bibliotek i same program, men du må inkludere dei etter kvarandre, i separate arbeidssteg.