Programmering med kunstig intelligens
Kunstig intelligens (KI) har raskt blitt ein del av kvardagen i mange tekniske og pedagogiske miljø. Praterobotar, eller "chatbots", er spesialiserte KI-verktøy som kan tilby personleg og effektiv rettleiing.
Når det gjeld programmering av Arduino, kan slike digitale hjelparar bidra mykje til både læring og utvikling av prosjekt, spesielt for elevar innan tekniske fag som skal lære om robotikk, automasjon og elektronikk.
Du kan stille prateroboten spørsmål når som helst, gi prateroboten informasjon om kor langt du har komme, og spørje om forslag til å komme vidare i prosjektet akkurat her og no. Han analyserer då kva du har gjort, og gir deg forslag som hjelper deg til å komme vidare.
Men korleis kan slike digitale verktøy bli hjelparane dine når du skal programmere din Arduino?
Kunstig intelligens kan brukast til å generere kode for ulike funksjonar som er vanlege i Arduino-prosjekt. Til dømes kan ein praterobot hjelpe med deg å generere grunnleggande kode for å styre lysdiodar, motorar eller sensorar.
Dette er spesielt nyttig viss du har utfordringar med å forstå programmeringsspråk som C++, som ofte blir brukt i Arduino, eller skal lære deg korleis ein ny funksjon, sensor eller aktuator skal koplast og programmerast.
Prateroboten kan forklare deg korleis du set opp ein enkel krins eller skriv eit program, og til og med gi deg døme på meir komplekse funksjonar som styring av fleire komponentar samtidig.
I tillegg til direkte hjelp med koding kan praterobotar gi deg tilgang til pedagogiske ressursar i form av videoar, forklaringar og guidar om Arduino-programmering.
Til dømes kan ein KI-assistent foreslå relevante kurs, øvingar eller artiklar som hjelper deg å forstå grunnleggande konsept som seriell kommunikasjon, PWM-signal og bruk av bibliotek som støttar ulike sensorar og aktuatorar.
Før du tek i bruk ein praterobot som den digitale hjelparen din, er det er viktig at du lagar ein plan for kva som skal skje, ein såkalla pseudokode eller eit flytskjema. Du kan òg fortelje prateroboten kva koplingar eller pinnar du ønsker å nytte, så gir prateroboten svar ut frå planlegginga di og koplingsforslaga dine.
Dette gjer læringsopplevinga meir interaktiv og tilpassa behovet og nivået ditt, og prateroboten tilpassar seg det prosjektet du jobbar med.
KI-system kan bli tilpassa individuelle behov ved å justere hjelp og råd baserte på dei tidlegare spørsmåla og utfordringane frå brukaren. Viss du har spurt om noko tidlegare i prosessen, hugsar prateroboten dette, og han kan gi deg eit nytt svar basert på tidlegare svar.
Dersom du ikkje heilt forstår korleis ein spesifikk type sensor fungerer eller skal programmerast, kan ein praterobot òg tilby ekstra ressursar og detaljerte forklaringar for å sikre at læringa blir heilskapleg. Prateroboten kan òg foreslå andre typar komponentar du kan nytte, og forklare korleis du skal programmere og kople desse.
Viss du har skrive ein kode og ikkje får prosjektet til å fungere, kan KI-assistenten hjelpe deg i feilsøkinga og identifisere vanlege feil og foreslå løysingar, til dømes ved å analysere koden din eller loggdata frå Arduino-programmet.
Viss du står fast i koding eller kopling, kan ein KI-assistent òg forklare korleis du konfigurerer ulike sensorar eller korleis du forbetrar responsiviteten til eit system. Dette kan vere avgjerande for å få komplekse prosjekt til å fungere optimalt.
Ein praterobot blir aldri sur og lei, og han tek heller ikkje pause. Du kan bruke slike praterobotar som rettleiarar i ulike prosjekt, som til dømes å lage smarte heim-system, bygge robotar eller lage spelkontrollarar med Arduino.
Slike praterobotar kan altså nyttast til
planlegging
å lage ei liste over kva komponentar som er nødvendige
å få forslag til programkode
feilsøking av programkode
forbetring og effektivisering av programkode
utviding av programkode
Døme på spørsmål du kan stille prateroboten
Prateroboten tek imot alle spørsmål, og han prøver så godt han kan å finne det svaret som er mest sannsynleg. Døme på spørsmål kan vere:
Eg skjønte ikkje heilt forklaringa di om potensiometer, kan du utdjupe dette?
Kan du gi meg ei betre forklaring av kvar enkelt kodelinje med eit enklare språk?
Kan du utdjupe korleis ein trykknapp fungerer?
Programmet mitt fungerte ikkje som forventa. Kan du analysere programkoden og sjå om du finn nokon feil i koden?
Dette er ein lang kode. Kan du gi meg nokon døme på korleis eg kan skrive koden på ein meir effektiv måte?
Kan du gi meg ei forklaring av denne programkoden? Eg vil ha detaljert informasjon om kvar enkelt kodelinje.
Har prateroboten alltid rett?
Prateroboten har ikkje alltid rett, sjølv om han innan programmering ofte gir gode og korrekte svar.
Prateroboten har tilgang til tusenvis, ja kanskje millionar av ulike programkodar og hentar ut den koden han trur passar til prosjektet ditt. Det er då viktig at du er kritisk til det svaret du får frå prateroboten, og ikkje tek dette som eit fasitsvar. Prateroboten gir deg altså det svaret han trur er mest sannsynleg.