Roller i arbeidslivet
Arbeidsgivar sitt ansvar
Det er arbeidsgivaren som har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måtar og samsvarer med regelverket som er gitt i arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter.
Det at det finst andre roller med oppgåver innanfor arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) endrar ikkje dette. Ulike oppgåver tilknytte HMS-arbeidet kan delegerast til andre, men arbeidsmiljøet blir verande arbeidsgivaren sitt ansvar.
Pliktene omfattar blant anna å:
- sørgje for at lokale og arbeidsplassar er i tråd med dei krava regelverket set
- sørgje for jamleg kartlegging av arbeidsmiljøet i samsvar med risikoforhold, helsefare og velferd, og setje i verk naudsynte tiltak
- sørgje for jamleg kontroll av arbeidsmiljøet og arbeidstakarane si helse, når det kan vere fare for å utvikle helseskadar på lang sikt
- organisere og leggje til rette arbeidet ut frå dei ulike arbeidstakarane sin alder, kompetanse og arbeidsevne
- skaffe sakkunnig bistand til å utføre kontrollar, målingar og så vidare når det er naudsynt
- sørgje for at føresegnene i lova om verneteneste blir gjennomførte
- sørgje for at arbeidstakarane får den opplæringa og instruksjonen som er naudsynt i arbeidet
Arbeidet med HMS skal vere systematisk og gjerast heile tida. Arbeidsgivaren er ansvarleg for å innføre og halde ved like eit system for internkontroll. Dette er fastslått i forskrifta om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder - også kalla internkontrollforskrifta.
Hugs
- Alle skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Det er arbeidsgivar som har ansvaret for at dei ulike rollene i bedrifta er bemanna.
- AMU = arbeidsmiljøutval
- Det skal vere representantar både frå arbeidsgivarsida og arbeidstakar i eit AMU.
- AMU arbeider både førebyggjande og problemløysande.
- AMU-møte skal haldast jamleg.
- Alle verneombod skal få HMS-opplæring.
- Hovudverneombodet er eit verneombod og blir som regel valt av dei tilsette.