Hopp til innhald

Fagstoff

Veggskilt

Har du lagt merke til korleis val av fargar, fontar og form på skilt kan fortelje oss noko om ei bedrift? Skilt gir oss visuell informasjon. Eit veggskilt kan vere alt frå frittståande bokstavar eller ei enkel plate med skrift til store lyskassar med logoar og innvendig lys.
Eit kvitt YouTube-skilt som heng på ein vegg med eføy. "You" er med utheva bokstavar, "Tube" er stansa ut frå ei plate med avrunda hjørne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plateskilt på vegg

Plateskilta har vore brukte i alle år, men med framveksten av sjølvlimande farga folie og bruken av kraftige lyskastarar vart den omfattande bruken eit problem. Platene var som oftast produserte i tynn aluminium eller plast. Dei kunne ha lakkerte overflater, eller ein kunne dekke overflata med farga sjølvlimande folie. Plata vart klargjord av lyskastarar. For naboar til eit bygg med slike skilt kunne det vere veldig skjemmande, fordi farga lys frå plateskiltet kunne prege området rundt. Dette var den rimelegaste og raskaste måten å få laga og montert opp eit skilt på, noko som førte til eit overforbruk av plateskilt. Konsekvensen var at det vart mykje lys- og fargeforureining. Bruken av plateskilt vart etter kvart innskjerpa gjennom kommunale reguleringar.

Klargjorde skilt på veggen til Molde Storsenter. Lys i overkant av veggen lyser ned på skilta med butikklogoar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyskasse på vegg

Bruken av lyskassar fekk framveksten sin i takt med lysstoffrøyra og utviklinga av plastplater som sleppte lys igjennom utan at ein kunne sjå igjennom, såkalla translusente akrylplater. Lysrøyra gav eit kvitt og jamt lys, og plata spreidde lyset ytterlegare, noko som gav ei jamn og kvit overflate. Lyset frå ein lyskasse var ofte svært kraftig og kunne lyse opp eit stort område. I tillegg vart overflata gjerne dekt med farga sjølvlimande folie, noko som gav eit farga lys. Kassane var ofte laga i aluminium, og dei var svært vêrbestandige og lette å produsere. Dette førte til ei overflod av lyskassar, med den konsekvensen at det vart ei stor grad av lys- og fargeforureining. Bruken av lyskassar vart etter kvart innskjerpa gjennom kommunale reguleringar, til liks med bruk av plateskilt.

Lyskassar blir framleis brukte, men i eit langt meir avgrensa omfang. I tillegg er lysstoffrøyra bytte ut med LED-lys.

Gult veggskilt med logoen til butikkjeden Nille. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frittståande bokstavar på vegg

Lause bokstavar på vegg har vore brukt i alle år. Alt frå enkle handsnikra trebokstavar til dei meir haldbare og dekorative smidde bokstavane og til dagens utfreste bokstavar i alle moglege materiale som eignar seg. Samtidig som kommunane sette avgrensingar for bruken av plateskilt og lyskassar, vart òg skilt- og dekorbransjen meir medviten på kvalitet.

Lysskilt montert på veggen til Sandvika Storsenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag blir frittståande bokstavar mykje brukt til å lage verksemdsskilt og informasjonsskilt i det offentlege rommet. Den digitale utviklinga har ført til eit mangfald av svært effektivt produksjonsutstyr. Alt frå vasskjering, laserskjering, folieskjering og fresing til 3D-prenting og utskrift på ulike underlag gjer at det i dag blir veldig laga mykje spennande og bra skiltmateriell.

Logo og namnet Sognekraft med blå, frittståande bokstavar på ein gul murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Skilt