Hopp til innhald

Fagstoff

Skilt – prosjektering, utforming og søknad

Før du kjem så langt som til å produsere skilt, må du gjennom ein lang prosess. Prosessen startar sjølvsagt med oppdraget. Kva har kunden din behov for? Deretter kjem idéar, visualisering og vurdering av kva som er mogleg. Etterpå må bedrifta søkje om løyve til å setje opp skiltet.
Fotografi av skilt ved ein T-banestasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Geografisk plassering

Den geografiske plasseringa, utforminga og om det skal vere ute eller inne, er avgjerande for korleis eit skilt kan formast ut. Er det ute, må du ta høgd for kva slags stad det er. Er det i eit bustadområde eller langs ein veg? Korleis passar skiltet med arkitekturen på bygget? Kor stort bør skiltet bør vere for at det skal gå an å lese på den avstanden det er naturleg å sjå det frå? Kva slags fargar kan de bruke? Kanskje de ikkje kan bruke fargar i det heile?

Fotografi av reklameplakat i ope landskap.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innfesting og materialval

Korleis de festar skiltet, er viktig. Det må henge trygt, same kor mykje det blæs. Samtidig skal det sjå fint ut, ofte med ein type innfesting som ikkje skal synast. Det vil til dømes vere stor forskjell å montere opp skilt på ein glasvegg i forhold til ein trevegg.

Kva slags materiale skilta blir produserte i, har også ein del å seie. Det vil til dømes vere unødvendig å lage skilt av tung stein dersom det skal henge ti etasjar over gata. Det vil ikkje synast, og det vil krevje ei langt meir omfattande montering enn om det var utført i eit lettare materiale.

Eit skilt skal kunne henge i mange år utan fare for å falle ned. Fagkunnskap innan materialforståing, produksjon og montering er heilt avgjerande for å lage og montere opp eit skilt på ein sikker måte.

Fotografi av fasaden til Glasmagasinet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søknadsprosess

Ein ting er kva kunden ønskjer, noko anna er kva som lèt seg gjere og vil bli godkjent av kommunen. I Oslo er til dømes skilt over ein kvadratmeter søknadspliktige. Det er også ulike soner i byen der det blir gitt ulik grad av løyve. Utforming, type, storleik og mengd vil vere avgjerande for om ein får løyve til å setje opp skilt.

Profileringsbedrifta må søkje til ansvarlege instansar for å få utføre arbeidet.

Fotografi av ei jente som jobbar med ei prosjektskildring på ei datamaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nabovarsel og byggjesøknad

De må varsle naboane 14 dagar før de kan sende ein byggjesøknad til kommunen. Naboen skal få tid til å setje seg inn i saka før byggjesøknaden blir send.

Arbeidsvarsling

De må også sende inn ei arbeidsvarsling. Dette gjeld arbeid som skal gå føre seg på eller innanfor tryggingssona til vegen. For å kunne sende arbeidsvarsling krevst det eit arbeidsvarslingskurs. Dette må både den som prosjekterer, og dei som skal montere, ha. Etter kurset blir du sertifisert. Dette er gyldig i 5 år, deretter må du ta kurset på nytt.

Ferdigattest

Det tek som regel minst to månader frå kunden har bestilt eit skilt, til det faktisk heng på veggen over butikken. Når skiltet er ferdig montert, skal det sendast inn ferdigattest på jobben.

Fotografi av skilt og profilering av Selvaag bolig.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Skilt