Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Besøkje bedrifter innan skilt og dekor

Å prosjektere skilt og dekor til ei bedrift krev erfaring. I denne oppgåva skal klassen ut på ekskursjon til relevante bedrifter for å høyre litt om korleis bransjen utfører oppdraga sine innan skilting og dekorering i det offentlege rommet.

Skulen gjer avtale med ei eller fleire bedrifter om å kome på besøk. Ta notat og spør om lov til å ta bilete. Kunnskapane du får frå besøket, kan du bruke i eigne oppgåver.

Emne som bør takast opp

  • presentasjon av bedrifta

  • døme på relevante oppdrag bedrifta har utført

  • rutinar og praksis når bedrifta får eit oppdrag

  • fordeling av arbeidsoppgåver

  • materiale og bruksområde

  • kostnader ved ulike teknikkar, system og materiale

  • moglegheiter for utplassering og lærlingplass

  • kva bedrifta ser etter når dei skal tilsetje

Innlevering

  • notat frå besøket

CC BY-SA 4.0Skrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022