Hopp til innhald

Fagstoff

Utvikling av profileringsdesign

Skilt og dekor i det offentlege rommet handlar om korleis vi kan dekorere ein vegg eller eit vindauge, hengje opp skilt og banner, setje ut ein informasjonsbukk på fortauet, og mykje meir. For å forstå behovet for reguleringar skal vi sjå tilbake på korleis profileringsdesign har utvikla seg.
Fotografi av utleigesyklar og reklameskilt i eit byrom.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Offentleg rom

Eit offentleg rom er ein stad som ikkje ekskluderer nokon, og som er open for alle som måtte ønskje det. Eit bustadområde, ein tettstad, eit byområde, ei kyrkje, eit kommunehus og ein skule er døme på stader som er definerte som offentlege rom.

Skiltmålarhistorie

Å reklamere for tenester og produkt i det offentlege rommet har vorte gjort i fleire tusen år, men her tek vi utgangspunkt i 1900-talet og fram til i dag.

Første del av 1900-talet

Fotografi av stort veggmåleri som reklamerer for Samvirke forsikring.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På byrjinga av 1900-talet var bygningar, søyler og køyretøy eksponeringsområde. Butikkar brukte veggskilt og vindaugsutstillingar for å invitere kundar inn.

Framveksten av reklame i det offentlege rommet var naturleg nok størst i byane. Store veggflater på bygningar kunne brukast til å eksponere produkt i stort format. Fleire grå veggflater vart til veggmåleri i strålande fargar. Å lage desse flotte veggmåleria var ein tidkrevjande prosess. Ein meister førte vidare kunnskap og lærte bort desse ferdigheitene til lærlingane sine.

Fotografi som viser lysskilt med reklame for Freia.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I takt med elektrifiseringa og utviklinga av lyspærer dukka også lysreklamen opp. I Oslo vekte det stort oppstyr då Freia-ura fekk lys i dei 800 glødepærene i 1909. Saman med utviklinga av meir effektive lyspærer, og spesielt neonlysrøyr som kunne formast, dukka det også opp flotte og kreative lysskilt i byane.

Fotografi som viser historisk bybilete med lysskilt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1934 fekk Nationaltheatret ein stor lyssett reklame for sigarettmerket Medina på bygningskuppelen. Dette førte til debatt, men teatersjef Wiers-Jensen meinte at den lyssette sigarettreklamen gav meir liv til bygningen – og sjølvsagt pengar i ei slunken teaterkasse.

Frå manuelt arbeid til bruk av datamaskiner

Fotografi av skilt med bladgull på mørkeraud bakgrunn.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På 60–70-talet gjekk utviklinga sin gang med handmåla skilt, banner, dekorerte veggflater og utstillingar i butikkvindauge. Stadig nye variantar av neonlys og lysskiltkasser med lysstoffrøyr inni og dekor utanpå vart vanleg. Mykje av arbeidet var manuelt og tok tid å produsere.

Nye materiale vart utvikla, og folie skulle etter kvart erstatte dei mange handmåla skilta. Sjølvheftande folie var ein tynn farga plastikkfilm med lim på baksida.

På 60-talet vart det mogleg å kjøpe lause bokstavar i folie frå utlandet. Bokstavane vart stansa ut av ei stansemaskin. Denne teknikken kan samanliknast med å trykkje ut peparkaker med former. Ei skarp form (stanse) blir pressa ned i folien.

Dei aller første bokstavane vart berre leverte i svart eller kvit folie, deretter kom gull og sølv, og seinare eit utval i fargar. For å produsere ein logo i folie ved hjelp av stanseteknikk må du ha ei stanse til alle fargane i logoen. I tillegg må du ha stanser i ulike storleikar.

Å produsere logoar på denne måten er kostbart, så det vart stort sett berre gjort når dei skulle lage mange. Når dei skulle produsere ein eller nokre få logoar, skar dei gjerne for hand.

Dyktige dekoratørar og skiltmålarar kunne skjere ut kompleks dekor for hand. Dei kunne overføre ei teikning ved hjelp av kalkerpapir eller ved at dei rissa små hol langs ei linje og slo med ein kritpose som sette spor. Deretter brukte dei skalpell eller ein liten tapetkniv og skar med stø hand i folien etter kalkstrekane eller kritpunkta.

Haldbarheita på dei første foliane var nok så som så, men det gjekk raskare enn å måle. Det var også langt enklare å fjerne dekoren frå til dømes ein bil. Med handmåla dekor på bilen var ein nøydd til å slipe ned og lakkere området der dekoren hadde sete, mens med sjølvlimande folie var det berre å dra han av.

Mot slutten av 80-talet kom datamaskina inn i reklameateliera, og produksjonen vart etter kvart enklare og raskare.

1990-talet

Den digitale tidsalderen hadde så vidt kome i gang for skilt- og dekorbransjen på 90-talet. Dei digitale maskinene endra bransjen totalt. Tidlegare gjekk kunnskapen og ferdigheitene i arv, men med dei nye digitale verktøya og dei store skrivarane kravdest det ikkje lenger noko vidare med kunnskap og ferdigheiter for å lage skilt og banner i stort format.

Ein kombinasjon av lite kunnskap, stor etterspurnad og enkel og rimeleg produksjon gjorde at det i løpet av få år fløymde over av store reklameskilt, lyskasser og plateskilt. Langs motorvegar kom det store oppsiktsvekkjande skilt med reklame som tok merksemd frå morgontrøytte pendlarar på veg inn til byen. På fortau risikerte folk å snuble i snurrande stålskilt og vaiande reklamebukkar, og på butikkfasadar vart det ofte montert overdimensjonerte skilt med kraftige lyskastarar. Det vart nødvendig å regulere skilt og dekor i det offentlege rommet.

Fotografi av reklameplakatar med undertøysmodell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Profileringsdesignar