Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon i sosiale medium

Kva er sosiale medium? Kva kjenneteiknar kommunikasjon i sosiale medium, og kva bør du vere særleg merksam på? Dersom du bruker mykje kommersielle sosiale medium til kommunikasjon med venner og i skulearbeidet, er det smart å skru på den kritiske mediekompetansen din.

Kva er sosiale medium?

Sosiale medium har to felles kjenneteikn. 1) Det finst ikkje noko klart skilje mellom avsendar og publikum. Sosiale medium legg til rette for at du både kan produsere og konsumere innhald, og 2) sosiale medium er tilrettelagt òg for kommunikasjon frå éin til mange.[1]

Snapchat, Tiktok, Facebook, Twitter og Youtube er døme på sosiale medium. Dette er sosiale medium med kommersielle interesser. Men også videomøtetenester blir rekna for å vere sosiale medium. Samarbeidsverktøy for skriving og for å lage presentasjonar og tankekart blir òg rekna for å vere sosiale medium, sjølv om desse er profesjonelle verktøy det kostar pengar å bruke.

I fortsetjinga har vi fokus på kommunikasjon i kommersielle sosiale medium. Vi bruker sosiale medium til å kommunisere både innanfor skule, jobb, privatliv og fritidsinteresser. Vi er ofte mindre formelle i sosiale medium, sjølv om høvet kan vere formelt.

Mindre formell kommunikasjon

I sosiale medium er det låg terskel for kva som blir publisert. Vi bruker munnleg språkføring med dialektord og slang og er mindre opptekne av rettskriving. Bruk av emojiar og bilete er viktig for kommunikasjonen. Respons og tilbakemeldingar skjer fort og i ein uformell tone. Det kan òg vere låg terskel for å ta kontakt med personar du ikkje kjenner – òg kjendisar.

Tenk over

Kva kommuniserer du om og med kven?
Utøver du ?

Når er det greitt å bruke emojiar, og i kva samanhengar er det ikkje greitt å bruke emojiar og bilete i kommunikasjon på sosiale medium?

Ikkje-redaksjonell deling av innhald

Alt innhald som blir publisert og som ikkje kjem frå mediehus og aviser som NRK, Aftenposten og Dagbladet, er ikkje-redaksjonelle. Det vil seie at det ikkje ligg etiske og profesjonelle retningslinjer til grunn for det som blir publisert.

Konsekvensen av at mykje innhald er ikkje-redaksjonelt, er at mykje av innhaldet du får i straumane dine, er tull og tøys i både positiv og negativ forstand. Du kan ha det moro av memes og innhald publisert av venner og menneske du følgjer, men du kan òg komme til å få ubehagelege opplevingar og bli påverka til å tru på usannheiter.

Tenk over

Kva følgjer du med på? Klarar du å skilje klinten frå kveiten?

Er du fornøgd med korleis du bruker sosiale medium? Kvifor?

Kommersialisering av personopplysningar

Sjølv om dei kommersielle sosiale media er gratis, "betaler" du med å gi frå deg opplysningar. Innlegg du legg ut, reaksjonar og navigasjon blir registrert, selt vidare og brukt til å sende deg skreddarsydd reklame.

Når du kommuniserer gjennom kommersielle sosiale medium, deler du samtidig respons- og navigasjonsinformasjon om deg sjølv til marknadsaktørar. Brukarinformasjon blir seld til tredjepartsaktørar som køyrer algoritmar på store mengder brukardata og sel informasjonen vidare. Slik får du skreddarsydd marknadsføring.

Tenk over

Kor mykje tenkjer du over at kommunikasjonen din på sosiale medium ikkje er berre din?

Påverknad frå sosiale medium og kritisk mediekompetanse

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?