Diskusjonsreglane i klassen
Les fagstoffet i artikkelen "Slik får vi betre diskusjonar".
Del 1: Individuelt
Noter ned fem punkt som du trur kan gi betre diskusjonar i klassen din.
Del 2: Diskuter i grupper
Kan de bruke noko av det de har lært her til å få til endå betre diskusjonar i klasserommet dykkar?
Prøv ut tipsa frå artikkelen når de diskuterer og reflekter saman over korleis dei fungerer i gruppa.
Del 3: Del kva gruppa kom fram til med resten av klassen
Oppsummer mellom fem og ti punkt til betre diskusjonar som de blir einige om skal gjelde i klasserommet dykkar.
Det kan vere lett å gløyme kva som skal til for å få til gode diskusjonar når du er midt inne i ein oppheita debatt. Derfor er det lurt å lage noko som kan hengje i rommet og minne dykk på det de har bestemd skal vere diskusjonsreglane i klassen:
- Lag store snakkebobler av A4-ark. De kan bruke malen som ligg under her.
- Skriv ein diskusjonsregel i kvar snakkeboble.
- Lim boblene på kartong som blir klipt til same fasong.
- Desse kan hengje på veggane, eller i tråd frå taket i klasserommet, som ei påminning om korleis de vil at diskusjonar skal gå føre seg.
Filer
- Snakkebobler(DOCX)
Be klassen ta stilling innleiingsvis ved å seie "ja" eller "nei" til
- russebussar
- mobilforbod på skulen
- influencerar
Noter svara dine på ein lapp. Finn nokon i klassen som har svart det motsette som deg. Byt partnar for kvart punkt. Bruk det de har lært om å diskutere.
Gi kvarandre respektfulle tilbakemeldingar undervegs om de ser at de gløymer nokon av prinsippa for gode diskusjonar som de har lært om.
Etter diskusjonen:
- Blei de einige om nokon av punkta? Kvifor/kvifor ikkje?
- Lytta de til kvarandre sine synspunkt?
- Kom de saman fram til nye innsikter om temaet?