Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1)
Felles programfag saman med:Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1)
Kommunikasjon
I yrkesfag er vi avhengige av å ha god kommunikasjon med medarbeidarar og kundar. Kommunikasjon mellom tilsette på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon, mens ekstern kommunikasjon er kontakt med andre. Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.
Kva er kommunikasjon?
Vi har ulike former for kommunikasjon. Kommunikasjon kan vere einvegs eller tovegs. Vi kan skrive eller snakke, og vi kan kommunisere gjennom kroppsspråk, stemmebruk og gjennom kleda vi har på oss. Vi kan også bruke bilete, fargar, lydar og andre typar teikn for å kommunisere.