Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stilisering av eit musikkinstrument

Ta utgangspunkt i eit musikkinstrument. Framstill instrumentet på minst ti ulike måtar med ulik grad av stilisering og abstrahering.
Instrumenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan gjere oppgåva med papir og blyant eller i eit eigna dataprogram.

Sjå om du minst får til å lage versjonar som:

  • er bygd opp av rette linjer
  • er bygd opp av mjuke linjer
  • berre består av eit omriss
  • er så forenkla at det berre blir antyda kva slags instrument det er
  • består av berre ein del av instrumentet (bør vere karakteristisk og typisk)

I dei fem siste versjonane kan du bruke fantasien din fritt!

Tips

Målet er å få til å lage tydelege ikon utan for mykje detaljar.

Prøv å utfordre deg sjølv ved å forenkle sjølv etter at du meiner det ikkje går lenger.

Prøv å variere linjetjukkleik, stilen på linjene og om du bruker omriss eller fyllfarge.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2017

Læringsressursar

Formuttrykk