Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tenk målgruppe og lag eit moodboard

Vurder kva slags personar som vil kjøpe eit designprodukt. Bruk bilete til å fortelje kva som kjenneteiknar desse personane. Jobb med komposisjon og lag eit moodboard som representerer målgruppa for produktet.
To raude stolar utan rette linjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De får utdelt eit bilete av eit designprodukt.

  1. Vel éin eller fleire personar som du trur vil kjøpe dette produktet.
  2. Deretter skal du beskrive personen eller personane ved hjelp av bilete. Kva er typisk for dei? Tenk på utdanning, jobb, interesser, bustad, bil, klede og liknande. Dette kallar vi ein målgruppeanalyse.
  3. Søk på nettet eller bla i magasin og finn bilete som du meiner beskriv målgruppa.
  4. Etterpå skal du lage eit stort moodboard. Resultatet skal monterast på ein spennande måte på eit A2-ark. Tenk komposisjon når du plasserer elementa i forhold til kvarandre.
  5. Lag ei utstilling av dei ulike moodboarda og diskuter korleis de har tenkt om målgruppa.
CC BY-SASkrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2020

Læringsressursar

Segment og målgruppe