Segmenteringskriterium - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Segmenteringskriterium

Vi kan dele opp ein marknad i segment på mange ulike vis, avhengig av kva slags produkt vi har med å gjere, og kva slags informasjon om kundane som er tilgjengeleg. Kva kan det til dømes fortelje om ein kunde at han eller ho driv med fallskjermhopping?

Tre hovudtypar kriterium

Det er vanleg å segmentere ein forbrukarmarknad med utgangspunkt i følgande kriterium eller kjenneteikn:

Demografiske kriterium
er lett målbare kriterium som yrke, bustad, kjønn, alder og så bortetter.
Psykografiske kriterium
er kriterium som fortel om gruppetilhøyrsel, personlegdom, interesser og livsstil.
Kjøpsåtferd
er kriterium som viser mellom anna når, kvar og korleis kundane handlar.
Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017