Segmenter og målgruppe
Kva slags type produkt vil du utvikle, og kven vil du nå? Eit segment er ein del av ein marknad, og ei målgruppe er ei kundegruppe. Menneske er ulike på mange måtar. Vi kan dele inn i grupper etter alder, kjønn, inntekt eller bustad, eller med tanke på kjøpsvanar, lojalitet, interesser og verdiar.