Foto
Foto er eit godt hjelpemiddel i idéutvikling og presentasjon av arbeid. Du kan setje produktet inn i ein samanheng som framhevar funksjonen. Kunnskap om komposisjon, kamerateknikk, utsnitt og perspektiv gjer deg til ein betre fotograf. I tillegg er det mange moglegheiter i biletredigeringa etterpå.