Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Asymmetrisk og symmetrisk balanse i foto

I denne øvinga skal du fotografere arkitektur i byen, tettstaden eller bygda der du bur. Kanskje har du eit spennande bygg, moderne eller gammalt, i nærområdet ditt? Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen for å skape symmetriske og asymmetriske komposisjonar.
Fotografi av fasaden på Nidarosdomen med nærbilete av den midtre fasadedelen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving

Fotografi frå Nidarosdomen av sidedør med flott utsmykking.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tema: arkitektur.

Fotografi frå Nidarosdomen av sidedør med flott utsmykking.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Fotografer arkitektur i nærområdet ditt. Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen i utsnitta dine.

  2. Leit etter asymmetrisk og symmetrisk balanse i motiva du fotograferer.

  3. Legg fotoa inn i eit biletredigeringsprogram og teikn inn tredelingslinjene. Eller skriv ut bileta og teikn inn tredelingslinjene med tusj.

  4. Kva i motivet blir blikkfang, kvar er det plassert, og kvifor ser du dette først?

  5. Er fotoet i balanse? Kva skaper balanse i dei asymmetriske komposisjonane?




Fotografi av heisekran i solnedgang.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Det gylne snittet er ei deling av ei linje eller flate som vi opplever som harmonisk. Komposisjonsprinsippet har vore brukt sidan antikken.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Foto