Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utstillingsvindauge

Ein butikk som forhandlar kjøkenutstyr, vil vise fram nyheiter innan norsk design. Korleis kan du lage eit utstillingsvindauge som appellerer til trendy unge menneske? Bruk NCS når du skal lage fargesamansetting ut frå trendfargane denne sesongen.
Kvinne ser på servise i eit utstillingsvindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdraget

Som utstillingsdesignar har du fått eit oppdrag frå ein butikk som forhandlar kjøkenutstyr. Dei vil vise det nyaste frå norsk design. Du kan velje mellom å stille ut servise frå Ment, Figgjo eller eit anna norskprodusert servise. Du står fritt til å kombinere servise med anna kjøkenutstyr i utstillinga. Målgruppa er unge trendy menneske som er opptekne av design.

Butikken ligg i ei handlegate, ikkje på eit senter.
Mål på vindauget er 3000 x 2500 x 1000 mm.

Sjå på servise frå Ment (ment.no)
Sjå på servise frå Figgjo (figgjofabrikkutsalg.no)

Idéutvikling

  1. Du må finne eit tema for oppdraget. Stikkord kan til dømes vere: årstida, livsstil og ungdomskultur, fargar, trendar, typografi og så vidare.
  2. Oppdragsgivar ønskjer at du skal bruke dei nyaste trendfargane. Undersøk kva som er trendfargane denne sesongen hos ein eller fleire fargeforhandlarar. Finn fargar som passar til temaet du har valt.
  3. Lag eit Moodboard som start på idéprosessen.

Bruk NCS i fargesettinga

Butikken har eigne montrar i forskjellige storleikar og høgder som dei ønskjer at du bruker, og fargeset sjølv.

NCS fargekropp roterande. Teikning.
  • Bakveggen skal vere i ein av trendfargane.
  • Bruk NCS når du skal fargesetje montrane. Vel til dømes:

    • ton i ton
    • likskap i kulørtone
    • saman med kontrastfarge
    • slektskap i kulørtone
    • nyanselike fargar
    • lik mengd svart eller kvit, eller like i kulør


Arbeidsteikning og modell

  1. Teikn vindauget i plan i 1:20 (teknisk teikning).


    Teikn vindauget i oppriss i fargar, mål: 1:20 (teknisk teikning).

  2. Bygg ein detaljert modell av vindauget ditt i målestokk 1:10.
  3. Presenter arbeidet ditt for kunden.

Bruk alt du kan om komposisjon, fargelære, materialar, teknisk teikning, plan, oppriss og modellbygging i dette oppdraget.


Lykke til!

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Ingrid Sofie Sørensen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019

Læringsressursar

NCS – det naturlege fargesystemet