Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk NCS-systemet til å setje saman fargar

NCS-systemet kan vere eit godt verktøy når du skal setje saman fargar og nyansar. Kodane gir deg informasjon som kan hjelpe deg til å finne fargar som passar saman.
Fargetriangel. Illustrasjon.

Ton i ton har same kulørtone

Nyansar av same kulørtone er eit harmonisk fargeval. Fargar som går ton-i-ton tek utgangspunkt i éin enkelt farge på fargesirkelen og bruker ulik blanding av kvitleik eller svartleik i denne. Dette er ein trygg måte å bruke fargar på.

Likskap i kulørtone saman med kontrastfarge

Viss du bruker likskap i kulørtone, kan du skape meir spenning ved å leggje inn ein kontrastfarge. Den kan du bruke som ein detalj som skil seg ut og får merksemd. Samtidig vil kontrasten framheve hovudfargen.

Nærbilete av stikkelsbærbusk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lær meir om bruk av fargekontrastar i Ittens fargelære på NDLA.

Nabofargar

Fargesirkel med fargekodar. Illustrasjon.

Dersom du ønskjer å setje saman fleire fargar for å få meir liv og variasjon, kan det vere fornuftig å velje nabofargar. Dette er fargar som ligg nær kvarandre på fargesirkelen. – Jo nærare, dess rolegare blir heilskapen. Du kan både velje kulørsterke nabofargar for eit kraftfullt uttrykk, lyse nyansar av nabofargar for ein lett og luftig palett eller mørke nyansar av nabofargane for ei spennande og ofte eksklusiv oppleving av rommet.

Slektskap i kulørtone

Fargar som ligg nær kvarandre i fargesirkelen, kan òg skape harmoni. Skap nyansar ved å variere mengda kvit og / eller svart i dei kulørte fargane.

Bølgje som bryt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyanselike fargar

Nyanselike fargar har same kvitleik, svartleik og kulørtheit, men kan ha ulike kulørtonar. Dersom du har funne ein fargekode du liker godt, men har lyst til å bruke fleire fargar, til dømes i romma ved sida av, er det eit godt tips å finne nyanselike fargar. Du tek òg her utgangspunkt i nyansetrekanten, finn ut kvar fargen du ønskjer å bruke ligg, og finn tilsvarande plassering på ein annan kulør. På den måten aukar sjansen for å lykkast når du miksar fargar.

Likskap i anten svartleik, kulørtheit eller kvitleik

Viss to fargekodar har likskap i % anten i svartleik, kulørtheit eller kvitleik, er det ein indikasjon på at fargane passar saman, uavhengig av lys eller omgivnader.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Gunn Elin Birkenes .
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

NCS – det naturlege fargesystemet