Hopp til innhald
Oppgåve

Anglisismar

Det er eit kjent fenomen at nordmenn bruker engelske ord når dei snakkar. No er engelsk òg i ferd med å overta setningsoppbygginga vår.

Engelsk i norsk

– Det var chill. Eg berre paya han, så gjekk han.

What, hadde du ikkje kjøpt han på sale?

Yes, litt kjedeleg. Kjøpte han på ein weekend i New York.

Den konstruerte samtalen over viser ei daglegdags hending: Vi snakkar norsk, men bruker engelske ord.

Det å bruke engelske ord i talen er ikkje noko problem. Men kva om vi overfører dette til skriftspråket vårt?

Prøv sjølv: Om du skulle ha skrive replikkane over om til god skriftleg norsk – korleis ville du gjort det då?

Faktisk er nok ikkje bruk av engelske ord i skriftlege tekstar så vanleg. Men det som er eit større problem, er såkalla "indirekte fraselån". "Indirekte fraselån" betyr at vi bruker engelske frasar, altså fleire ord etter kvarandre, der vi har gode norske uttrykk.

Har du nokon gong skrive: "Når det kjem til ..." eller "stå opp for seg sjølv"? Dette er frasar som stammar frå engelsk. "Når det kjem til" er ei direkte omsetjing av den engelske frasen "When it comes to" og "stå opp for seg sjølv" stammar frå "stand up against". Det er altså ikkje noko som heiter dette på norsk.

Er det så farleg då?

Nei, farleg er det ikkje. Men prøv å unngå det. Mykje bruk av engelsk setningsoppbygging i tekstane dine fører til dårleg språk som kommuniserer svakt med lesaren. Stort sett har vi flotte norske uttrykk som du heller bør bruke.

Oppgåve 1

Spottar du ein anglisisme når du ser han?

La du merke til feilen?

I setninga over er det brukt ein anglisisme. "Å spotte noko" er teke frå engelsk "to spot something". Men på norsk betyr uttrykket "å gjere narr av, håne".

Slike forvekslingar viser at anglisismar skaper eit dårleg språk.

Oppgåve 2

Løysingsforslag
  1. I siste akt gjer Nora opprør og forlèt ektemannen Thorvald.

  2. Handlinga går føre seg i Christiania i 1881

  3. Eg unngår gjerne å lese. / Når det gjeld lesing, unngår eg det gjerne.

  4. Engelsk påverkar norsk kvar dag.

  5. Eg meiner dette er heilt gale skrive. / Etter mi meining er dette heilt gale skrive.

  6. Ho gav henne opp for lenge sidan.

  7. Ho spelte saksofon, noko som overraska venene hennar.

  8. Eg har blanda kjensler for den boka.

Oppgåve 3

Norsk setningsoppbygging blir i aukande grad utfordra av engelsk påverknad. Skriv ein tekst på 300 ord som skal vise korleis det norske språket kan sjå ut om 50 år.

Du kan godt bruke nokre engelske ord innimellom, men prøv å konsentrere deg mest om å bruke engelske uttrykk direkte omsett til norsk. Det er norsk setningsoppbygging som står på spel!

Kjelde

Sunde A. M. (2019). Skjult påvirkning. Tre studier av engelskpåvirkning i norsk. (Doktorgradsavhandling, NTNU). https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/2603492