Hopp til innhald
Oppgåve

Hun, henne, de og dykkar

På bokmål kan ein fort bli forvirra, for gir du ei gåve til "hun" eller "henne"? Og er det "de" eller "dem" som syklar saman til skulen? På nynorsk er det enklare, men så har du dette med "de" og "dykkar" då...

Hun, henne og ho

På bokmål må du skrive:

  • Hun gav henne en gave.

På nynorsk kan du velje om du vil skrive:

  • Ho gav henne ei gåve

eller:

  • Ho gav ho ei gåve.

Både ho (nynorsk), hun (bokmål) og henne (nynorsk + bokmål) er personlege pronomen. Vi bruker ulike former av det personlege pronomenet i subjekts- og objektsform. Sjå på tabellen under. Her ser du dei personlege pronomena på nynorsk til venstre og på bokmål til høgre.

Legg merke til at du på nynorsk kan velje mellom henne/ho i objektsform, medan du skrive henne i objektsform på bokmål.

Subjekts- og objektsform av personelege pronomen

NYNORSK

Subjekt

Objekt

BOKMÅL

Sub.

Obj.

1. person

eg

meg

jeg

meg

2. person

du

deg

du

deg

3. person

han, ho,
det

han, henne/ho,
det

han, hun,
det

han, henne,
det

Fleirtal

1. person

vi/me

oss

vi

oss

2. person

de/dokker

dykk/dokker

dere

dere

3. person

dei

dei

de

dem

De, dem og dei

  • De sykler sammen med dem til skolen. (bokmål).
  • Dei syklar saman med dei til skulen. (nynorsk).

Som du ser over, må du halde tunga rett i munnen når du skriv om "de" på bokmål. Årsaka er, som du ser i tabellen, at 3. person fleirtal er ulik i subjekts- og objektsform.

På nynorsk treng ein ikkje tenkje på dette: Det heiter "dei" uansett om leddet er subjekt eller objekt i setninga.

Dere, dykk og dokker

Det betyr ikkje at det er umogleg å gjere feil på dei personlege pronomena på nynorsk. Under ser du korleis ein bruker 2. person fleirtal på nynorsk og bokmål:

  • Dere må skynde dere. (bokmål)
  • De må skunde dykk. (nynorsk)

Mange som skriv nynorsk, særleg som sidemål, har ein tendens til å blande saman "de" og "dykk". Så her må du analysere setninga om du er i tvil.

Men frå 2012 blei den nye rettskrivingsreforma for nynorsk gjeldande. Då blei det lov å skrive:

  • Dokker må skunde dokker.

Du kan altså unngå heile problematikken om du vel dokker i staden for de/dykk gjennom heile teksten.

No kan du velje kva du vil øve på: Vil du øve på dei personlege pronomena på bokmål, gjer du oppgåvene under. Om du heller vil øve på på nynorsk, kan du finne oppgåver om det som relatert artikkel nedst på sida.

Oppgåve 1

Sjå på desse døma på bokmål. Klarer du å forklare, med eigne ord, når du skal bruke det som heiter subjektsform og det som heiter objektsform?

  • Jeg ser deg.
  • Hun kjøper blomster til henne.
  • De spilte fotball sammen med dem.
  • Har han hentet dem?

Naturleg nok skal du bruke subjektsform når pronomenet er subjekt i setninga. Subjektet i ei setning er hun eller de som gjer noko: "Hun springer". "De springer".

Elles skal du bruke objektsform: "Han kysser henne". "Jeg ser dem".

Hugseregel

Viss du synest det er vanskeleg å finne ut av subjekt og objekt i setninga, kan du prøve å byte ut pronomenet med jeg og meg.

Døme: Skal du skrive "De så hun" eller "De så henne"? Prøv å byte ut "hun" med "jeg" og "meg": "De så jeg" eller "De så meg"? Her er det heilt klart at "meg" skal vere det riktige svaret.

"Meg" er objektsform, og då må du òg bruke objektsform i tredje person: "De så henne".

Oppgåve 2

Hun eller henne? Hugs å tenkje over om "hun" er den som handlar i setninga. Då er "hun" subjekt, og det er berre då du skal bruke subjektsforma.

Oppgåve 3

De eller dem?

Oppgåve 4

I setningane under skal du byte ut namnet med riktig pronomen.

Døme: Det står "Petter gav Anja pengene".

Du skal skrive: "Han gav henne pengene".