Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lyriske verkemiddel

Typisk for diktarar er at dei bruker mange ulike verkemiddel i tekstane sine. Her blir du kjend med og får øvd deg på dei vanlegaste.

Oppgåve 1

Oppgave 2

For å få til denne oppgåva må du kjenne til dei fire språklege bileta samanlikning, metafor, besjeling og personifikasjon. Om du ikkje kan dei, sjå gjennom presentasjonen i oppgåve 1.

Vel ei av oppgåvene under. Målet er å lage ein kort tekst som inneheld flest mogleg språklege bilete. Det er òg om å gjere å bruke alle dei fire ulike typane språklege bilete.

  1. Lag ei skildring av favorittidrettsutøvaren din når hen driv med sporten sin. Døme kan vere: "Han smyg seg rundt motspelarane som ein katt" eller "Ho ladar kanonskotet ..."
  2. Beskriv ei sterk kjensle, til dømes sjalusi, forelsking eller liknande. Tenk over: Korleis smaker denne kjensla, kva farge har ho, korleis ser ho ut? Døme kan vere "Svart sjalusi rumla rundt i hovudet mitt ..." eller "Kjærleiken er ein upåliteleg ven".
  3. Beskriv enten ein lys, vakker og glad sommardag eller ein tung, regnfull og kjedeleg haustdag. Pass på at dei språklege bileta du vel passar til den stemninga du skal skildre.

Oppgåve 3

Setningane under er ufullstendige samanlikningar. Fullfør setningane. Prøv å vere mest mogleg kreativ i ordvalet. Det er om å gjere å få fram akkurat den kjensla du får når du skal skildre det som står i første del av setninga.

  • Å bli dumpa av kjærasten er som ...
  • Å få ein edderkopp under gensaren er som ...
  • Ho spiste suppe som ...
  • Eg hoppa rundt av glede som ...
  • Røynda slo meg i fleisen som ...
  • Å sjå karakteren på matteprøva var som ...
  • Storebroren min køyrde bil som ...

Oppgåve 4

Sit saman i par eller grupper. Skriv på to ulike ark eller dokument på PC-en. Finn eit kontrastpar, som t.d. vond–god. Lag eit tankekart der det eine ordet står midt på det eine arket og det andre midt på det andre. Ein av dykk må vere sekretær.

  1. Idémyldre saman om kva synonym og konnotasjonar de får til orda. Det er om å gjere å finne flest mogleg ord. Hugs at de ikkje berre skal finne synonym som t.d. vond + slem. De skal òg tenkje over kva ord de konnoterer med ordet. Kanskje konnoterer de "vond" med fargen "svart", eigenskapen "giftig" og adjektivet "skarp"? (Det er lov å bruke synonymordbok om de går tomme).
  2. Lag eit dikt som er bygd opp av kontrastpara de har laga.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse