Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les "Fra en annen virkelighet" på to ulike måtar

Diktet "Fra en annen virkelighet" av Gunvor Hofmo kom ut like etter andre verdskrigen. I denne oppgåva skal halve klassen tolke diktet historisk-biografisk, mens den andre halvdelen ikkje får vite noko om Hofmos biografi. Kva skjer då?

Del 1: Les diktet, utan kontekst

Portrett av Gunvor Hofmo. Foto.

Det første de skal gjere, er å lese diktet "Fra en annen virkelighet" av Gunvor Hofmo, heilt utan å kjenne konteksten. Kva vil de seie om diktet då?

Du kan høyre forfattaren lese sitt eige dikt i videoen ovanfor. I tillegg kan du lese diktet "Fra en annen virkelighet" på nb.no.

  1. Les og lytt til diktet minst to gonger.

  2. Teikn motivet til diktet, slik du oppfattar det.

  3. Under teikninga di skriv du kva du meiner diktet handlar om. Grunngi svaret ditt.

  4. Gå saman i mindre grupper og samanlikn det de har teikna og skrive.

  5. Diskuter diktet i plenum i klassen: Hadde de skrive mykje av det same, eller har de ulike tolkingar?

Del 2: Klassen jobbar todelt

No skal de dele klassen i to. Den eine halvparten skal få kunnskap om både historiske og biografiske sider ved konteksten, noko som kan påverke måten de vil tolke diktet på. Den andre halvparten skal lese om som stilretning.

Spørsmålet blir: Vil det de får vite om diktet sin , påverke tolkingane dykkar?

Oppgåver til elevane som skal tolke diktet historisk-biografisk

  1. Sjå dokumentaren Fra en annen virkelighet (2008), som handlar om Gunvor Hofmo, ovanfor.

  2. Set dykk i grupper og diskuter: Synest de at noko de fekk vite om den historiske konteksten og biografien, kan forklare temaet og motivet til diktet? Vis til sitat mens de diskuter.

  3. Skriv ein kort analyse (ca. 250 ord) av diktet der du viser korleis historisk kontekst og Gunvor Hofmos biografi kan vere med på å forklare kva diktet betyr.

Oppgåver til elevane som skal lese om modernismen

  1. De skal lese to fagartiklar om modernismen:

    Artikkel: Typisk modernistisk – Make it new!
    Artikkel: Modernismen – ein reaksjon på modernitet

    Mens de les, skal de markere passasjar i artiklane som de meiner kan vere relevante for diktet "Fra en annen virkelighet".

  2. Gå saman i grupper og diskuter: Korleis kan teori om stilepoken vere med på å forklare tema og form i diktet "Fra en annen virkelighet"?

  3. Skriv ei kort tolking av diktet (ca. 250 ord) der du plasserer diktet i den modernistiske tradisjonen.

Del 3: To lesemåtar møtest

Gå saman i par. I kvart par skal det vere éin som har lese dikta historisk-biografisk, og éin som har plassert diktet i den modernistiske tradisjonen.

Forklar kvarandre korleis de har lese diktet.

To figurar som held i kvar sin tråd og beveger dei som i bølgjer. Over trådbølgjene står det "tekst", og under står trådbølgjene står det "kontekst". Biletet er delt i tre, med overskriftene "innleiing", "hovuddel" og "avslutning" over første figur, midtpunktet og andre figur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Diskuter dei to ulike lesemåtane

Diskuter i plenum:

  1. Synest de informasjonen de fekk om konteksten til diktet, var med på å auke forståinga dykkar?

  2. Kva meiner de var det viktigaste frå konteksten å ta med i lesinga av diktet? Grunngi svaret dykkar.

  3. Gir diktet like mykje meining heilt utan kontekst? Grunngi svaret dykkar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse