Gå på jakt etter fusk og plagiat
Kva kan de eigentleg om fusk, plagiering og heilt grei kjeldeføring? Sjekk dykk sjølv ved å løyse casane under. Jobb i par eller i grupper. Fasiten finn de når de skal sjå filmen om Plage-Tor i del B.
A. Diskuter casar
Gå saman i par eller grupper. Sjå på døma under, og diskuter om de meiner elevane som er nemnde, har drive juks og plagiat, om det er eit grensetilfelle eller heilt grei kjeldebruk.
Nora skal levere inn ein tekst om Et dukkehjem til norsklæraren sin. I innleiinga presenterer ho forfattaren, Henrik Ibsen, ved å kopiere tre setningar direkte frå snl.no. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
Peder skal levere inn ei oppgåve om det romerske demokratiet til historielæraren sin. I svaret, som er på 500 ord, er 200 av dei kopiert frå snl.no, men Peder oppgir kjelda i parentes. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
Anna skal ha ein presentasjon om hinduismen. Ho finn ei fin setning på Wikipedia og limer ho inn i PowerPointen sin utan å oppgi kjelde. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
Anna finn ut at ho skal fikse litt på presentasjonen om hinduismen. Ho beheld setninga i presentasjonen, men oppgir kjelda i kjeldelista heilt til slutt. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
Mathias skal levere inn ein analyse av romanen Sult av Knut Hamsun til norsklæraren sin. Han finn ein flott analyse på ei engelsk side. Det er vanskeleg å forstå språket på den engelske sida, så han limer teksten inn i Google translate. Då forstår han det meste og ordnar litt på språket slik at det blir meir hans eige. Han oppgir ikkje kjelde. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
Vilde skal levere inn ei drøftingsoppgåve i naturfag om bruk av plast. Ho les informasjon om mikroplast i naturen på nettsidene til Naturvernforbundet og Miljødirektoratet. Mens ho les, skriv ho stikkord for seg sjølv. Etter ein time opnar ho eit Word-dokument, ser på stikkorda og skriv eit avsnitt om mikroplast med eigne ord. Ho oppgir både Naturvernforbundet og Miljødirektoratet som kjelder løpande i teksten og i kjeldelista. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?
B. Kva ville Plage-Tor sagt?
Sjå filmen med Plage-Tor under. Han går gjennom tilfelle som er heilt like dei de diskuterte i førre oppgåve. Hadde de rett?
Når lærarane dykkar prøver å avsløre juks og plagiat, er det ikkje for å plage dykk. Dei gjer det for å sikre at vurderingssituasjonane skal vere rettferdige, og for at juks ikkje skal påskjønnast feilaktig med god karakter.
No får de ein ny case. I denne oppgåva skal de gå inn i rolla som historielærar Bjarne. Han har sett på plagiatkontroll i innleveringsmappa til ei oppgåve, men plagiatkontrollen gir ikkje utslag. Likevel mistenkjer han fusk.
Case: Historielærar Bjarne
Bjarne har nettopp gitt elevane sine grundig undervisning i demokratiet i antikken. Etter timane har han gitt elevane i oppgåve å drøfte kva for eit politisk system som var mest demokratisk: det romerske eller det atenske. Malin har levert inn eit svar som er svært variabelt. I den siste halvdelen av oppgåva hennar er det mange poeng han ikkje kjenner igjen frå timane, og han synest også språket til Malin er langt betre enn det pleier å vere. Ho har ikkje oppgitt kjelder.
Det er særleg avsnittet under Bjarne lurer på. Klarer de å finne ut om Malin har gjort noko gale?
Demokratiet i Aten var mest demokratisk fordi alle kunne foreslå lover. Dessutan stemde borgarane enkeltvis, og loddtrekking fordelte postar. Det var tre organ der saker blei avgjorte av fleirtalet, og alle stemmer talte like mykje. I Romarriket var det slik at Senatet forma ut lovene. Borgarane stemde dessutan i grupper, og eit utval fordelte embete. Derfor var ikkje Roma like demokratisk som Aten.
Korleis kan Malin lese seg opp og vise kunnskap utan å skrive eit avsnitt som plagierer?
Diskuter i grupper:
Korleis ville de ha gått fram for å vise den same kunnskapen om Aten og Roma, men utan å plagiere, slik det blir gjort i Malin sitt avsnitt?
Skriv avsnittet med eigne ord og oppgi kjelder korrekt, både løpande i teksten og i ei kjeldeliste. Vel om de vil sitere direkte, parafrasere eller kombinere desse referanseteknikkane. De finn reglar for kjeldeføring av internettsider i APA-stilen på Kildekompasset.
Demokratiet i Aten var mest demokratisk fordi alle kunne foreslå lover. Dessutan stemde borgarane enkeltvis, og loddtrekking fordelte postar. Det var tre organ der saker blei avgjorte av fleirtalet, og alle stemmer talte like mykje. I Romarriket var det slik at Senatet forma ut lovene. Borgarane stemde dessutan i grupper, og eit utval fordelte embete. Derfor var ikkje Roma like demokratisk som Aten.
Oppsummer alt de har lært om fusk, plagiering og kjeldeføring i klassen.
Diskuter korleis de bør gå fram viss de skal skrive ein tekst der de veit at det ligg mykje relevant informasjon på internett. Korleis kan de bruke informasjonen de finn, utan å halde dykk for tett på kjelda?