Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Sjølvportrett og fargesymbolikk

Korleis kan du uttrykke noko om deg sjølv gjennom linjebruk og fargar? Bruk blindkontur som utgangspunkt for eit sjølvportrett. Set deg inn i fargesymbolikk, og vel fargar som kan representere nokre eigenskapar du har.

Del 1. Bruk blindkontur til å lage skisser

Ta fleire selfiar med mobilen, eller få ein annan elev til å ta nokre tydelege nærbilete av deg. Bruk teikneteknikkane som er skildra nedanfor, til å lage fleire ulike portrett.

Varier tida du bruker på kvart portrett, og teikn minimum tre stykke. Teikn så langsamt du klarer, gjerne opp til fem–ti minutt.

Blindkontur

Fest blikket ein stad på motivet i fotoet, og plasser blyantspissen der du vil starte å teikne på arket. Følg dei viktigaste linjene i ansiktet ditt med blikket og prøv å flytte blyanten over papiret i same fart. Du skal ikkje sjå på arket mens du teiknar, men berre følge linjene i motivet med blikket og stole på at handa klarer å følge dei same rørslene.

Teikn heile skissa med samanhengande strek, utan å løfte blyanten frå arket. Det betyr at du nokre stader må lage strekar som ikkje eksisterer, for å flytte deg mellom dei ulike delane i ansiktet ditt.

Modifisert blindkontur

Modifisert blindkontur er nesten det same som blindkontur, men no har du høve til å korrigere kursen undervegs. Det vil seie at viss du mistenker at streket er på avvege, kan du stoppe blyanten utan å flytte han, sjå på papiret for å sjekke kvar du er, og så flytte blikket tilbake på motivet før du held fram. Du skal altså ikkje teikne mens du ser på arket ditt.

Del 2. Sjølvportrett

Vel den blindkonturen du er mest fornøgd med. Denne kan du utvikle vidare, og du skal eksperimentere med fargebruk.

Fargesymbolikk

Set deg inn i fargesymbolikk, og vel fargar som kan beskrive nokre sider av deg sjølv.

Fargeskisser

Prøv ut ulike fargesamansetningar og lag raske skisser i lite format.

Mål sjølvportrettet

Vel mellom å måle på bokpapp eller kraftig teiknepapir (A4-format), og mål portrettet med akrylfargar.

Bruk ståande format og bruk heile biletflata. Mål inntil, ikkje over, konturane, slik at det blir eit tydeleg og stilig uttrykk.

Dersom du ønsker det, kan du forsterke konturlinja med penn til slutt.

Del 3. Eigenvurdering

Vurder arbeidet ditt og beskriv kva slags uttrykk du ønskte å oppnå. Forklar korleis du har brukt komposisjon, farge og måleteknikk i sjølvportrettet ditt.

Komposisjon

Kva komposisjonsprinsipp har du brukt, og korleis har du brukt dei? Tenk på ord som kontrastar, balanse, spenning, harmoni, asymmetri og så vidare.

Farge

På kva måte har du brukt fargesymbolikk i sjølvportrettet?

Korleis har du brukt fargeteori for å oppnå det uttrykket du ønsker?

Måleteknikk

Beskriv måleteknikken du har brukt, til dømes korleis du har brukt penselstrøk og fargeblanding.

Del 4. Innlevering

  • blindkonturar

  • fargeskisser

  • måla portrett

  • eigenvurdering

Del 5. Utstilling

Samarbeid om å lage ei utstilling av sjølvportretta dykkar. Følg rette linjer og ha lik avstand mellom dei.

Relatert innhald