Hopp til innhald

Fagstoff

Romverknad

For å få romverknad i eit bilete kan du bruke ulike verkemiddel: storleiksforhold, linjer, fargar og perspektiv. Kva måte du vel å bruke, avheng av kva du skal teikne. Perspektiv blir ofte brukt til interiør og arkitektur, eller til å presentere produkt ein lagar.
Skisse til eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Djupneverknad

Når vi teiknar, kan det vere ei utfordring å gi att verkelegheita slik at vi skaper inntrykk av rom og djupne. Vi teiknar på papir, på ein dataskjerm eller andre flater som er i to dimensjonar, mens rommet er i tre dimensjonar.

Veg der linjene forsvinn inn i eittpunktsperspektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Veg og tre teikna i eittpunktsperspektiv. Skisse med hjelpelinjer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Står du på ein veg med fleire tre på rekkje og rad etter kvarandre, blir dei mindre og mindre etter kvart som avstanden blir større. Når du teiknar noko, speler storleiken på ulike motiv og plasseringa av dei ei stor rolle. Det å bruke skrå linjer kan også vere med på å illustrere romverknad. Små gjenstandar høgt oppe på ei skrå linje og store gjenstandar langt nede vil forsterke denne verknaden.

Farge

Bruk av farge kan vere med på å forsterke romverknaden. Til dømes kan dei svake, duse fargane sjå ut som dei er lenger borte enn dei klare, sterke fargane.

Soria Moria slott av Theodor Kittelsen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Perspektiv

Anheng i ulike perspektiv. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Perspektiv blir ofte brukt i måleri eller teikningar for å gi djupneverknad. Skal du presentere eit produkt, kan det å teikne det i perspektiv vere med på å vise fram produktet slik det verkeleg vil ta seg ut. På denne måten vil du få visualisert produktet tredimensjonalt. Ved å bruke perspektiv kan du også setje produktet inn i ein samanheng. Du kan med andre ord vise fram funksjonen til produktet.

Når du teiknar noko i perspektiv, tek du utgangspunkt i horisontlinja. Der plasserer du punktet som linjene ser ut til å forsvinne i. Det vil seie at augehøgda, der du ser på produktet, er der forsvinningspunkta skal plasserast. Du kan teikne i eitt-, to- eller trepunktsperspektiv.

Gatebiletet under er teikna i eittpunktsperspektiv.

Gate teikna i eittpunktsperspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eittpunktsperspektiv

Har du eitt punkt på horisontlinja, kan det plasserast inn i til dømes eit rom, sett anten frå framsida eller ovanfrå. Eittpunktsperspektiv blir ofte brukt når ein skal teikne interiør i eit rom.

Soverom teikna i eittpunktsperspektiv. Blyantteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Topunktsperspektiv

Står du og ser på eit hjørne på eit hus, ser du huset i topunktsperspektiv. Når du teiknar med topunktsperspektiv, plasserer du forsvinningspunkta langt ut på sidene på horisontlinja. Det du teiknar, kjem meir til liv viss du bruker topunktsperspektiv, enn viss du bruker eittpunktsperspektiv.

Ei eske teikna i topunktsperspektiv. Horisontlinja er markert. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trepunktsperspektiv

Hus teikna i trepunktsperspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trepunktsperspektiv bruker vi når vi skal teikne noko veldig høgt, eller noko som er langt nede. Her plasserer du det tredje forsvinningspunktet anten høgt over horisontlinja (froskeperspektiv) eller langt nede (fugleperspektiv).

Blokk teikna i trepunktsperspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Isometrisk perspektiv

Køyeseng teikna med parallelle linjer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Isometrisk perspektiv vil seie det same som parallellperspektiv. Det betyr at alle parallelle linjer er parallelle heile tida, og du teiknar utan forsvinningspunkt.

Når du teiknar isometrisk perspektiv, er det vanleg å bruke papir med trekantar eller punkt. Då har du heile tida linjer eller punkt å teikne ut frå, og det er lettare å få alle linjene parallelle.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust, Olav Kristensen og Stein Aanensen .
Sist fagleg oppdatert 15.10.2018

Læringsressursar

Teikning