Bruk grunnformer og linjer for å lage komposisjonar
Lag små komposisjonar med kvitt papir på svart kartong. Finn inspirasjon i arkitektur rundt deg. Bruk berre grunnformer og linjer i komposisjonane.
Øving
Tema: arkitektur
Vel eit fotografi du har teke av arkitektur eller interiør. Vel gjerne eit utsnitt der du kjem litt tett på motivet.
Forenkle motivet. Dette kan du gjere digitalt, teikne på lysbord eller klippe direkte i ei utskrift av fotografiet.
Lag ein komposisjon med utgangspunkt i motivet. Bruk berre grunnformer og linjer. Komposisjonen må vise minst ein kontrast.
Komposisjonen skal lagast med kvitt papir på svart kartong.
Format: 10 cm x 10 cm
Heng opp komposisjonane til alle i klassen tett i tett.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022