Asymmetrisk og symmetrisk balanse i foto
I denne øvinga skal du fotografere arkitektur i byen, tettstaden eller bygda der du bur. Kanskje har du eit spennande bygg, moderne eller gammalt, i nærområdet ditt? Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen for å skape symmetriske og asymmetriske komposisjonar.
Øving
Tema: arkitektur.
Fotografer arkitektur i nærområdet ditt. Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen i utsnitta dine.
Leit etter asymmetrisk og symmetrisk balanse i motiva du fotograferer.
Legg fotoa inn i eit biletredigeringsprogram og teikn inn tredelingslinjene. Eller skriv ut bileta og teikn inn tredelingslinjene med tusj.
Kva i motivet blir blikkfang, kvar er det plassert, og kvifor ser du dette først?
Er fotoet i balanse? Kva skaper balanse i dei asymmetriske komposisjonane?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022