Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Mål ein komposisjon

Hent inspirasjon frå arkitektur, foto du har teke, eller komposisjonar du har laga. Teikn opp ein abstrakt komposisjon, og mål han med fargar frå ein fargepalett.

Øving

Tema: arkitektur.

  1. Vel eit foto du har teke, eller ein komposisjon du har laga, som du liker ekstra godt.

  2. Lag ein abstrakt komposisjon. Arbeid ut frå komposisjonsprinsippa, eller vel å bryte med prinsippa.

  3. Finn ein ferdig fargepalett, eller lag ein eigen fargepalett med fem til sju fargar, som du bruker i komposisjonen.

  4. Mål komposisjonen på bokpapp eller ei plate av kryssfiner, 20 cm x 20 cm.

  5. Lag ei utstilling av komposisjonane til klassen.

Relatert innhald




Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist oppdatert 12.06.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Komposisjonsøvingar

Gå til faget: Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)

Gå til emne: Komposisjon