Komposisjonsøvingar - Komposisjonsprinsipp - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Komposisjonsøvingar

Komposisjonsprinsipp

Når du skal designe eller lage eit produkt, set du saman former, fargar og materiale til ein heilskap. I dette arbeidet tek du estetiske val, samtidig som du må ta omsyn til kunden sine ønske og behov. Her får du ei oversikt over grunnleggjande prinsipp for komposisjon.

Komposisjonsprinsipp

Same kva du designar og kva materiale og teknikkar du jobbar med, så komponerer du. Derfor bør du lære visse reglar for korleis du kan arbeide med komposisjon. Desse reglane kallar vi komposisjonsprinsipp. Når du er trygg på bruken av dei, kan du eksperimentere med mange ulike uttrykk. Du kan samanlikne det med at ein komponist bruker verkemiddel som rytme, kontrastar og harmoni for å skape variert musikk.

Ulike komposisjonsprinsipp

  • Heilskap, harmoni og dynamikk

  • Kontrastar

  • Blikkfang

  • Balanse

  • Bevegelse

  • Rytme

  • Tredelsregelen og det gylne snittet

  • Proporsjonar

Kvifor bruke komposisjonsprinsipp?

Å komponere er å ordne bilet- eller formelementa slik at heilskapen eller uttrykket blir slik som kunden ønskjer. Bruker du verkemidla bevisst, blir det enklare å kommunisere med kunden og finne løysingar på ein effektiv måte.

Bruk av verkemidla

  • gir meining, hensikt og mål
  • skaper liv og oversikt
  • definerer forholdet mellom delane
  • skaper harmonisk og estetisk heilskap
  • gjer at komposisjonen blir opplevd som god

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2022