Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein god kunderelasjon?

Bli kjend med kva relasjonar er, og kva som kjenneteiknar ein god kunderelasjon. For at du som seljar skal vinne tillit frå kundane og kunne gi dei god service, må du vite kva dei ønskjer. Når kundane stoler på at du vil dei vel, vil dei lettare handle hos deg.
Ein seljar hjelper ein kunde med å velje smarttelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les, tenk etter!

  • Kva kjenneteiknar ein god kunderelasjon?
  • Kvifor er det viktig å ha ein god relasjon til kunden?
  • Kva set du sjølv pris på når det er du som er kunde?
  • Kva gjer seljarar som får deg i handlehumør?

Kva er ein relasjon?

Å ha ein relasjon til nokon er det same som å ha eit samband eller eit forhold til dei. Når du skal jobbe med kundar, er det viktig å vere god på relasjonsbygging. Dette kallar vi relasjonskompetanse.

Relasjonskompetansen er evna du har til å forstå deg sjølv når du er saman med andre, mens relasjonsferdigheitene dine er det du konkret gjer, seier og tenkjer for at kundane du møter, skal kjenne at du varetek dei.

Interesse og tillit

Kjenneteiknet på ein seljar som møter kunden på ein god måte, er først og fremst at ho viser ei oppriktig interesse i å forstå kva kunden ønskjer. Ved å gjere seg fortent til tilliten frå kunden lykkast ho òg med å kome i samtale med kunden. Kunden stoler på at ho seier og gjer det ho seier og gjer fordi ho vil det beste for kunden.

Det kan vere fort gjort å tenkje at om du berre får ein kunde til å handle, er du ein god seljar. Slik er det ikkje alltid. Dersom ein kunde føler at du pressar han til å kjøpe noko han eigentleg ikkje har behov for, vil han kanskje aldri kome tilbake. Derfor er det viktig at du er ærleg og gjer deg fortent til tilliten frå kunden. Om kunden kjenner seg vareteken, er sjansane gode for at han kjem tilbake og handlar av deg ein annan gong.

Å ha tillit til nokon vil seie å stole på at dei vil ditt beste. Tillit er ikkje noko ein kan krevje, men noko ein må gjere seg fortent til.

Tenk etter!
Kvifor er tillit viktig i møte med kundar?

Relasjonskompetanse er noko vi kan trene opp

Somme har høg relasjonskompetanse, og det kan verke medfødd. Andre må trene for å bli gode på å byggje relasjonar. For somme er det lett å møte den første kunden sin, finne dei rette orda og delta i eit salsmøte på ein naturleg måte. For andre er dette vanskelegare. Ein framgangsmåte som kan gjere det lettare dersom du kvir deg til å møte ein kunde, er at du bestemmer deg for kva du vil seie når du går bort til kunden, og til dømes kva du vil seie om produktet du skal selje. Det er òg viktig å vere passeleg oppmerksam og til stades, utan at kunden opplever at du er for pågåande.

Som fagarbeidar må du vite forskjellen på ein vennerelasjon, ein kollegarelasjon og ein profesjonell relasjon i møte med kundane. Når du møter kundar, er ikkje målet at du skal kome tett på dei, men at dei skal oppleve det du seier og gjer, som informativt, og at dei skal føle at du er ein dei kan stole på og ha tillit til.

Når du som seljar kan faget ditt og kundane har eit behov som dei treng eksperthjelp for å få dekt, er relasjonen skeiv. Det er viktig at du er bevisst på å ikkje utnytte denne skeivskapen. Du skal ikkje selje noko til kundane som dei eigentleg ikkje ønskjer å kjøpe. Derfor er det viktig at du spør deg sjølv om du sel for å selje, eller om du faktisk dekkjer behovet til kundane.

Ordforklaringar

skeiv relasjon – relasjon der den eine parten har meir makt enn den andre

vareta kunden – sjå kunden og ta han eller ho på alvor

observere – sjå og høyre godt etter

pågåande – ivrigare enn det kunden set pris på

tillit – det å kunne stole på at ein annan vil ein godt



CC BY-SASkrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland .
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Ekstern kommunikasjon