Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kommuniserer kroppsspråket ditt med kunden?

I møte med kunden seier du mykje utan å seie noko. Kroppsspråket ditt avslører deg. Bli kjend med korleis du med kroppsspråket ditt kan skape tillit hos kunden. Her får du òg tips til korleis du kan utvikle eit kroppsspråk som gjer at kunden stoler på deg.
Ein butikktilsett snakkar i mobiltelefon mens ein kunde ser på klede i butikken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les, tenk etter!

  • Korleis tenkjer du at andre opplever deg?
  • Har du nokon gong fått tilbakemelding om korleis andre opplever deg?
  • Er det noko hos deg sjølv du veit at du kan jobbe med?

Kva gjer du når ein kunde kjem inn i butikken?

Reiser du deg når kunden kjem inn? Viser du aktivt interesse for kunden? Får du lagt frå deg mobilen raskt nok? Kjem du raskt med eit alternativ om kunden ikkje finn det ho ser etter, eller får ho kjensla av at du som seljar ønskjer å bli kvitt ho så fort som råd? Med kroppsspråket viser du at du er oppteken av behova til kunden.

Kva har du lagt merke til i møte med ein seljar når du kjem inn i ein butikk? Kor godt vi får med oss andres kroppsspråk, er veldig ulikt frå menneske til menneske. Men dei fleste får ei oppleving av kva den andre formidlar, utan at noko blir sagt.

Kroppsspråk

Kroppsspråk inneber her kva du formidlar til omgivnadene gjennom auge og ansiktsmimikk, stemmeleie og tonefall, korleis du har armane og beina, korleis du rører kroppen, og kva energi kroppen formidlar. Kunden kan tolke kroppsspråket ditt rett og feil. Og du kan tolke kroppsspråket til kunden rett og feil. Men den einaste du kan endre, er deg sjølv. Så det er du som seljar som må jobbe for å utvikle eit kroppsspråk som gjer at kunden får tillit til deg. Du kan lære mykje av dine eigne opplevingar som kunde.

Utfordringa for deg som seljar er òg at du ikkje ser og høyrer deg sjølv. Om du vil bli god på relasjonsbygging, må du skaffe deg innsikt i korleis du verkar på andre. Du kan be om tilbakemelding frå andre seljarar, stå framfomr spegelen og undersøkje kroppsspråk og mimikk, eller du kan få nokon til å filme deg, og lære av filmen.

Likevel får du den viktigaste innsikta gjennom kommentarar frå andre. Det du ser av deg sjølv, tolkar du nemleg gjennom dine eigne briller, og då får du ofte det svaret du ønskjer deg. Du går lett i forsvarsmodus når nokon set merkelappar på deg. Då er det lett å seie at kunden var håplaus, eller at kunden hadde ein dårleg dag.

Kva om du prøver ei anna tilnærming? Ta neste kommentar på alvor, og undersøk grundig kva som gjer at den andre opplever deg annleis enn du opplever deg sjølv. Dette er ei spennande reise til større sjølvinnsikt, betre relasjonskompetanse og høgare sal.

Korleis verkar du eigentleg som seljar?

Kva veit du om deg sjølv? Sjå om noko i dei følgjande skildringane kan gjelde for deg:

  • Du har alltid eit merksamt smil om munnen og har lett for å sjå behovet til kunden. Undersøk om du oppnår meir av det du ønskjer, ved å halde ein respektfull avstand. Spør om kunden treng hjelp, før du blir for aktiv i å hjelpe.
  • Du har fart i kroppen, er effektiv og alltid fysisk på veg til å få noko gjort. Då kan kunden lett oppfatte det som at du ikkje har tid, fordi du står sidelengs på veg til noko med eit blikk som lyser utolmod. Undersøk om du i møte med kundar kan stå på begge beina og ha eit ope blikk slik at du verkar tilgjengeleg og viser at du har tid.
  • Du er fagleg oppdatert og kan faget ditt godt. I møte med kunden kan du verke innåtvend og arrogant og dermed lite tilgjengeleg for spørsmål. Undersøk om du kan ha eit blikk som viser at du er til stades, ved å opne auga og vise interesse. Kost gjerne på deg eit smil eller eit vennleg uttrykk, òg når kunden er kunnskapslaus og stiller dumme spørsmål.
  • Du følgjer nøye med på kva som skjer i butikken, er på vakt og skannar kunden med det som kan opplevast som eit kritisk blikk. I møte med kunden står du gjerne litt uroleg og med eit vaktsamt blikk. Undersøk om du blir meir fast og tydeleg om du står på begge beina, med hovudet rett og brystet fram. Sjå på kunden du snakkar med.
  • Du har entusiastisk kroppsspråk og mimikk i møte med kunden, snakkar veldig aktivt og er ivrig. Undersøk om du kan halde kroppen i ro og auga retta mot kunden du snakkar med, òg når kunden bruker lang tid eller er kritisk. Hald deg i ein samtale eller til eit tema litt lenger enn det som er naturleg for deg.
Ordforklaringar

alternativ – eit anna forslag

ansiktsmimikk – rørsler i ansiktet

armanes posisjon – korleis vi held armane

arrogant – å tru at ein sjølv veit betre enn dei andre

energi – kraft

innåtvend – forsiktig og snakkar lite

kroppsspråk – det du seier med kroppen utan ord

relasjonsbygging – knyte kontakt

sjølvinnsikt – å kjenne seg sjølv

stemmeleie – om stemma er kraftig, sterk, skarp eller forsiktig og låg

tillit – å kunne stole på at den andre vil ein godt

tolke – gjere seg ei oppfatning om noko

CC BY-SASkrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Ekstern kommunikasjon