Hopp til innhald

Fagstoff

Bomull og miljø – verre enn du trur?

Bomull har i dag mange bruksområde og inngår i kvardagslivet til dei fleste menneske. Men sjølv om T-skjortene og dei andre bomullsplagga våre blir laga av eit naturprodukt, så har dei høg kostnad for miljøet.
Ung mann står foran hylle med jeans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er bomull?

Bomullsplante. Foto.

Sjølve bomulla er hår som sitt fast på frøa til bomullsplanten. Desse håra kan bli opp til 60 cm lange. I naturen fungerer slike hår som fallskjermar som skal føre frøa langt av garde, slik at dei kan erobre nye vekststader der dei kan spire og vekse opp til nye plantar.

Dyrking av bomull skadar miljøet

Sjølv om T-skjortene og dei andre bomullsplagga blir laga av eit naturprodukt, så har dei høg kostnad for miljøet. Det blir brukt mykje kunstgjødsel på bomullsmarkene.

Bruk av sprøytemiddel

Traktor bakfra sprøytar bomullsplanter på endelaust jorde. Foto.

Mange artar av sopp, virus og insekt angrip bomullsplantane. Dei et opp røter, blad, blomar, frøhus og frø på plantane. Det dreier seg om i alt cirka 1300 ulike artar skadeorganismar. For å unngå skadar på avlinga, blir bomullsmarkene sprøytte inntil 20 gonger i løpet av ein enkelt vekstsesong.

Bomullsproduksjonen tek opp berre omtrent 5 prosent av det dyrka arealet i verda, men står for omtrent 25 prosent av den globale bruken av sprøytemiddel mot insekt. I tillegg blir omtrent 10 prosent av plantevernmidla som blir brukte i verda for å hindre plantesjukdommar, sprøytte ut på bomullsmarkene. Sprøytemidla, som må brukast i stadig større mengder for å overvinne den motstandskrafta som skadegjerarane utviklar, er ofte giftige for menneske og miljø. Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har klassifisert mange av sprøytemidla som blir brukte i bomullsåkrane, som ekstremt farlege, blant dei organofosfat som parathion og diazinon som er spesielt skadelege for nervesystemet til spedbarn og barn.

Sprøytemidla rammar nyttige artar

Stoffa rammar òg nyttige artar som marihøner og sommarfuglar. Økologane har registrert stor skade på fuglar, fisk og anna dyreliv som følgje av sprøytemidla. Stoffa forstyrrar næringskjedene og utarmar jorda ved å drepe mikroorganismar. Plantevernmidla kan forureine lokale vassystem og true helsa til menneske som kjem i kontakt med det forureina vatnet.

Ved Aralsjøen i Usbekistan har bomullsdyrking ført til ein økologisk katastrofe. Vatn frå elvar som renn ut i sjøen, har blitt leidd ut på bomullsmarkene for å skaffe vatn til dei tørste bomullsplantane. Følgja av dette er at vasstilførselen til sjøen er sterkt redusert, og Aralsjøen har skrumpa inn til ein femdel av den opphavlege storleiken.

To sammenliknande satellittbilete av innsjø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjemikaliebruken held fram

For å gjere innhaustinga lettare og meir effektiv blir ofte bladverket på bomullsplanten fjerna ved hjelp av eit kjemisk stoff som drep blad.

Når bomulla er hausta, må fibrane skiljast frå frøa. Dessutan må bomulla reinsast for ureinskap, mellom anna sekret frå bladlus (honningdogg). Dette skjer ved hjelp av kjemikalium.

Farging, bruk av spinnolje og klargjering endrar eigenskapane til bomullsfibrane. Kjemiske fargar og til og med enkelte naturlege fargestoff inneheld ofte kopar, sink og anna tungmetall.

I sluttprosessen blir det brukt kjemikalium for å gjere tøyet strykefritt, krøllfritt eller vassfråstøytande. Somme gonger må plagga gjennom endå fleire prosessar for at dei skal få dei ønskte eigenskapane. For å få kleda mjuke kan dei bli vaska og behandla med kjemikalium. Vatn og vassdrag som tek imot avløpsvatn frå produksjonen, vil bli forureina.

Dårleg arbeidsmiljø

Kleda blir ofte sydd i fabrikkar av menneske som arbeider under ekstremt dårlege forhold. Arbeidstida kan vere ti til tolv timar per dag i tronge og dårleg opplyste lokale. Lønna er dårleg, og trygdeordningane er mangelfulle, om noko slikt i det heile eksisterer.

Kjelder

Fairtrade. (u.å.). Fibre crops (including cotton). Henta 5. juni 2020 frå https://www.fairtrade.net/standard/spo-fibre-crops

Wedul, C. F. (2020, 7. mai). Aralsjøen. I Store norske leksikon. https://snl.no/Aralsj%C3%B8en

Wikipedia. (2020, 22. mai). Cotton. Henta 5. juni 2020 frå https://en.wikipedia.org/wiki/Cotton

CC BY-SASkrive av Bjørg Ringdal, Svein Gunnar Råen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2019

Læringsressursar

Berekraftig utvikling