Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er sirkulær økonomi?

Kva er ein sirkulær økonomi, og kvifor må vi erstatte dagens lineære økonomi med ein sirkulær? Korleis vil det påvirke livet vårt? I denne artikkelen skal vi sjå på kvifor vi må over til en sirkulær økonomi, og kva det eigentleg inneber.
Piler i ein sirkelbevegelse som illustrerer sirkulær økonomi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sirkulær økonomi kort forklart

Sirkulær økonomi er inspirert av sirkulære krinsløp i naturen. I krinsløpet i naturen veks plantar opp og blomstrar, for deretter å visne og rotne. Men då blir ikkje plantane til avfall i naturen, men dei blir til næringsstoff for andre organismar. Dette er også tanken bak ein sirkulær økonomi. Det er eit økonomisk system der varer ikkje blir til søppel når dei er "oppbrukte", men heller blir til delar av nye varer. Sirkulær økonomi er noko som EU satsar mykje på, og som også norske styresmakter jobbar mykje med. Vi treng ein sirkulær økonomi fordi dagens system fører til for store klimagassutslepp og for stor bruk av naturressursar. Dette skaper global oppvarming og gjer at det biologiske mangfaldet blir redusert. Dagens lineære økonomiske system er derfor ikkje berekraftig.

I ein sirkulær økonomi er målet at alle delane av varene som blir brukte, blir resirkulerte, og at ingen ting blir deponerte. Men målet er også at kvart enkelt ledd i systemet skal forbetrast, slik at vi bruker minst mogleg energi og færrast mogleg naturressursar i kvart ledd.

Kva er problemet med lineær økonomi?

Pilar som viser gangen i ein lineær økonomi. Frå råvarer til produksjon, til distribusjon, til forbruk og til slutt til avfall. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omtrent dei hundre siste åra har vi hatt det vi kallar ein lineær økonomi. Det vil seie at vi har eit lineært system der vi hentar ut råvarer frå naturen. Det kan til dømes vere bomull til ei T-skjorte. Så blir råvara omarbeidd og blir etter kvart laga til eit ferdig produkt. Produktet blir så sendt ut til butikkane, og kjøpt og brukt av ein forbrukar. Når produktet er slite, eller når forbrukaren ikkje ønsker å ha produktet meir, blir det kasta. I daglegtalen kallar vi gjerne dette "bruk-og-kast-samfunnet". Problemet med den lineære økonomien er at vi bruker store mengder naturressursar og får enorme mengder avfall. Eit anna problem er at det blir lønnsamt å lage produkt av dårleg kvalitet, for då må forbrukarane raskare erstatte dei produkta dei har.

Tenk etter

Har du opplevd at produkt du har kjøpt, har hatt dårleg kvalitet og blitt øydelagt for raskt?

Ein enorm haug med brukte moteklede og ein bil som køyrer forbi, sett ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I klesbransjen har ein lineær modell lenge vore det vanlege, og fast fashion er ein del av denne lineære modellen. Eit døme på negative konsekvensar av dette systemet er at tonnevis med klede har blitt dumpa i Atacamaørkenen i Chile. I 2021 skal over 40 000 tonn brukte moteklede ha blitt dumpa i ørkenen fordi det ikkje er lov å kaste kleda på offentlege søppelfyllingar. Denne enorme mengda klede som blir dumpa i naturen, blir broten ned sakte og forureinar grunnvatnet. Eit stort problem med ein lineær økonomi er nettopp dette: Det blir skapt store mengder avfall fordi det blir viktigare å selje mykje og raskt enn å lage produkt av god kvalitet som varer lenge.

Lineær økonomi er det vanlege i godt utvikla, vestlege land. Men det er viktig å hugse på at dette er noko relativt nytt. Det var først i andre halvdel av 1900-talet at nordmenn auka forbruket sitt kraftig, og vi utvikla eit masseforbruk og ein lineær økonomi. Det er også viktig å vite at dette ikkje er vanleg i heile verda. Få menneske i verda har like god råd som oss nordmenn, og derfor er det også få som har like stort forbruk som oss. De med dårligere råd har færre ting, og tinga dei har, blir derfor meir verd for dei. Dei er derfor mykje flinkare til å ta vare på dei tinga dei har.

Tenk etter

Kjem du på nokon produkt som er ein del av ein slik lineær økonomi i dag?

Sirkulær økonomi og avfallspyramiden

I denne videoen frå NRK Skole og Loop Miljøskole blir sirkulær økonomi og avfallspyramiden godt forklart.

Etter at du har sett videoen

Forklar med eigne ord forskjellen på lineær og sirkulær økonomi. Du kan gjerne forklare det høgt til ein klassekamerat, høgt for deg sjølv, eller ved å skrive ned med eigne ord.

Avfallspyramiden – eller avfallshierarkiet – heng saman med det økonomiske systemet og kan hjelpe oss med å få til ein meir sirkulær økonomi. I presentasjonen under får du ei forklaring av dei ulike nivåa i avfallspyramiden.

Målet er altså å sørge for at avfallet kjem så høgt opp i pyramiden som mogleg. I ein vellykka sirkulær økonomi klarer vi å unngå at ting må deponerast, altså blir kasta på søppelfyllinga. Klarer vi også å halde dei fleste varer høgt oppe i avfallspyramiden, blir behovet for å hente ut nye naturressursar mindre. Dette oppnår vi ved å redusere forbruket vårt og bruke dei råstoffa vi har henta frå naturen, lenge og fleire gonger.

Relatert innhald


Kjelder

LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning. (2021, 2. juli). Avfallshierarki. I Store norske leksikon. https://snl.no/avfallshierarki

Miljødirektoratet. (2021, 1. juni). Sirkulær økonomi. Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/sirkular-okonomi/

Universitetet i Oslo. (2020, 27. januar). Masseforbruk [Audiopodkast-episode]. I Norgeshistorie. Universitetet i Oslo. https://www.norgeshistorie.no/podkast/index.html

Shahinian, N. (2022, 14. februar). Design ditt eget liv [Audiopodkast-episode]. I Burde vært pensum. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/burde_vaert_pensum/l_656ff722-2a20-4b5c-aff7-222a204b5c02

Stefansen, A. (2022). På "klesindustriens kirkegård" i Chiles ørken. NRK. https://www.nrk.no/urix/pa-_klesindustriens-kirkegard_-i-chiles-orken-1.15802311

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling